Namnet skjemmer ingen (som ikkje er skjemt frå før)

Har du nokon gong hatt kjensla av at du veit kva folk heiter - eller burde heita?

'Halvor', til dømes, er ein kraftig, hårete plugg som juksar i landhockey
'Iseling' er ein spinkel jente på 19 år (uansett alder) som er kokkelærling og alltid har 10 malboro light (ikkje 20) i lomma i tillegg til flexikort på bussen.

Eg skulle sjekka inn på Motel 6 i San Diego for eit par år sidan, og leverte frå meg førarkortet som identifikasjon. Dama i skranken kikka på meg nokre gonger og så ned på førarkortet att. Og eg tenkte at: eg har jo ikkje smale skuldre. liksom. Så fekk eg kvitteringa.

Som førenamn stod det: statens.

Og som etternamn stod det: vegvesen.

På eit førarkort er det ikkje vanskeleg: namn og etternamn står jo øvst.
Men her har dama kikka nedover lista etter noko som passa til fyren framfor disken. Og då måtte ho dessverre heilt ned til Statens vegvesen.

Mr Statens Vegvesen.

"Mr Vegvesen, have a nice stay"

Om slutningar

Det mest fascinerande med språket er kanskje at det skjer så mykje rart oppi hovuda på dei som bruker det.

Eg skulle hente far min på arbeid ein dag og parkerte utanfor inngangen. Han kom ut, men såg meg ikkje. Så ringte eg til han.
Han svara.
Eg sa: "eg står og ser på deg".
Han sa: "hæ".
Eg gjentok: "Eg står og ser på deg".
Så høyrer eg ei forskrekka stemme: Står du og SER på meg?
Men då gjekk det opp for meg at det ikkje var far min som svara, og at eg hadde ringt feil.... Med tanke på alt det rare som rørte seg i hovudet mitt nett då, kan eg berre forestilla meg kva som må ha rørt seg i hovudet til han eg ringte til.....



kropp og sjel

Det er for mykje anten-eller i verda.
Det burde vore meir både-og.
Kanskje også litt av kvart.

Niesa mi på 9 år var i gravferd for første gong her tidlegare år. Dei sat framfor kista i kyrkja og ho måtte spørje mora: "ligg onkel oppi kista der?"
Ho svarar: "ja vennen min, men det er berre kroppen hans"
Niesa mi spør utolmodig: "men er han oppi der?"
Ho trøystar: "Ja, men det er berre kroppen hans".
Niesa mi utbryt forskrekka: "men kor er hovudet hans?"





Likestilling

Eg har lært at det er avgjerande korleis ein byrjar ein tale.
"I have a dream..." er kjent som ein god start.
Min opningsreplikk er både meir alvorleg og fokusert enn dette:

"På arbeidsplassen min hadde me ein pissoir"

Det vil seia, dei tre første vekene hadde me ein pissoir. Den fjerde veka kom det to kjeledressar og skar ned denne innretninga med vinkelslipar.

Samtidig, på ein annan stad på kloden - dvs i nabobygningen - sat universitetsleiinga og diskuterte korleis dei skulle få fleire kvinner i toppstillingar og korleis ein skulle få gjennomført likestilling i akademia. "det blir så mykje styr" blei det sagt. "Kan me ikkje få til ei midlertidig løysing?" blei det spurt. Det var då ideen om vinkelslipar kom opp.

Så i staden for å tilsetja fleire kvinnelege professorar, bestemte dei seg for å fjerna pissoirane.
Det er tiltak som viser handlekraft.

Men dei gjekk lenger - dei ville gjera det skikkeleg.

Dei laga herretoalettet om til unisex-toalett og laga dusj der pissoiren tidlegare var.

Eg har våga meg inn der ein gong - for å dusja. Heldigvis var det ingen damer der nett då. Men langs veggen hang det damehanddukar i friske fargar, det var berre så vidt at den rosa handduken mitt torde henga ved sida av desse sjølvtrygge, velfrotterte damene. Og medan eg kledde av meg, hang damehanddukane der og skula på meg.
Eg kjende meg slett ikkje trygg.
Eg er ikkje van med å vera i lag med så mange damehandukar på ein gong.
Så gjekk eg med meg flass-sjampoen min inn i pissoiren - eg meiner: dusjen. På dusjhylla stod same gjengen: frodige, sjølvtrygge sjampoar med eple, lavendel og sjasminlukter. Og dei stod og breia seg utover - og ikkje tjangs om dei ville gi rom for min gråe anti-dandruff. Så eg sette han på golvet.

Då eg kom ut av dusjen, såg eg at nesten alle handdukane var rosa.
Eg skulle tatt liverpool-handduken likevel. Så eg sa meg skjelvande stemme til rekka av handdukar: "eg veit ikkje om du kan høyra meg, men viss du kan skal du vita at eg ikkje kunne noko for det. Det berre blei slik. Eg kan ikkje hjelpa deg. Nå må du klara deg sjølv". Eg overgav handduken min til dameveldet og tørka meg med t-skjorta. Og har ikkje damene tatt han, så heng han der den dag i dag.

Reinsdyra har det litt på same måten.
Reinsdyra er det einaste hjortedyret på våre kantar der også damene har horn.
Der er det full likestilling.
Og faktisk har damene overtaket fordi dei har horna lenger enn mannfolka. Bukkane (eller mennene om du vil), feller horna i november, medan simlene (damene) feller horna først på vårparten.
Tenk så kjipt å vera hornlaus reinsdyrmann i desember og så går alle damene rundt med horn? Men endå meir alvorleg er det at dette resonnementet rokkar ved grunnleggjande førestellingar hos mennesket: Reinsdyret Rudolf, denne lett forsoffne raudnasa hjelparen til julenissen - har horn rundt juletider og dermed er han nøydd til å vera DAME!!!!!

Hos rekene har damene overtatt fullstendig, der er jo det å vera mann berre eit forstadium til det å bli dame, men det vågar eg ikkje å gå nærere inn på her.

Kvifor regnar det frå lyktestolpar?

Om morgonen når eg skal på jobb og først levera ungar i barnehagen, fortonar det seg som ein heimevernsøvelse, dvs mykje venting, litt sutring og store mengder utstyr som er sporlaust vekke. Her i førre veka hadde eg fått ungar, sekkar og dressar inn i bilen og alt var klart, så bakka eg over veska med den heilt nye, bærbare og svært dyre PC-en min. Slik er livet. Det var ein av desse regnfulle, mørke morgonane. Så spør guten min frå baksetet: "kvifor regnar det frå lyktestolpar?". Det er lett å leita fram den fysiske forklaringa om "vanndamp opp i skyene, blir tungt, dett ned, lys i gatelysa, regnar forbi". Men det var jo eigentleg ikkje det han spurte om, men "Kvifor regnar det frå lyktestolpar?" Det er faktisk noko av det mest poetiske eg har høyrt på lenge. Det er då ein får slike glimt av at det er noko språkleg mellom himmel og jord - noko meir enn namnelappar på nakne fakta.

Me likar jo til dømes å tru at namn er noko folk får heilt vilkårleg - av reint praktiske omsyn.

I deler av landet der ein har hatt ein sterk oppkallingstradisjon, var det viktigast kven ein heitte etter. Der var det slik at ein kalla opp etter eit fast mønster. Og i område med slik tradisjon var det heller ikkje så stor variasjon i namna. Du kan ikkje berre kalla ungen din Yvonne eller Cato. Tenk deg følgjande situasjon: Eldste guten måtte kallast opp etter farfaren som heitte: Ola, nest eldste guten måtte kallast opp etter etter morfaren som heitte: …Ola, og var ungeflokken riktig stor - og bingolukka endå større - skulle tredjemann jf mønsteret kallast opp etter ein morbror, og som heitte: Ola. "Her er dei tri gutane mine, store-ola, litle-ola og ola-ola. "

Då eg fekk den første ungen spurte ein kamerat meg om kva han skulle heita:

- Han heiter Åsmund, seier eg

- Typisk deg.

Og når eg kalte andremann for Olav

- du tulle?

- Nei, eg tulle ikkje, seier eg

- Tredjemann skal vel heita Vinje, då?

Namnet skjemmer ingen, seier dei.

Det er mange som ler av oss frå Vestlandet - gjerne når me seier kva me heiter. Spesielt ler dei viss eg kjem til å nemna onkelen min: Henning Øyvind. Eller onkel Henning Øyvind som eg alltid har kalla han. Kva er det som er så merkeleg med det? Det er jo eit heilt vanleg namn:

Per Henning, Kjell Inge, Sindre Mikal, Leif Edvard, Trond Egil, Odd Ragnar, David Alexander, Åse Kari, Oddny Judith, Leif Kjetil, Jon Kjetil, Arne Olav, Dag Ottar og Frode Gerhard.

Ja, ja, la dei le, sjølv om det ikkje er noko festleg i dette. Eg skal heller fortelja om då eg traff den svogeren min. Og me presenterte oss.

- Hei, eg heiter PerHenning, og du?

- Tom

- ja.....

- Hm...

- ja...kva meir....?

- nei, ....Tom

- eg meiner, er det Tom Atle, Tom Frode, Tom Kåre eller Tom Per du. "Herlighed for ei kneda hu har fått fatt i, han ha det inn med teskei, dennher fyren...

- Nei bare Tom.

- Bare Tom? Bare, bare Tom. Eg visste ikkje kva eg skulle seia, Det var faktisk ganske ekkelt.

- Hadde det nå i det minste vore to stavingar. Tore, Trygve , då er du liksom på veg mot noko. Eller Ove. Apropos Ove, viss du ser Tom i bar overkropp, så har han eit hjarta med ei pil gjennom der det på eit banner under der det skulle stå "love". Men det står ove, og det er fordi L'blei så dårleg, at du må vera spesialpedagog for å finn'an.

Nei, det blir for blodfattig. Du kan ikkje heita Tom og le av dei som har lange dobbelnamn. Tenk på fordelen. Har du eit dobbelnamn av eit skikkeleg kaliber og kan skriva det, så har du jo vore gjennom halva alfabetet. Mens Tom fortsatt lurer på kva ein bokstav er.

Mange vurderer bibelske namn til ungane sine.

"Ho skal heita Sara" meinte han

"Nei, det e altfor bibelsk" meinte ho

så kalla dei henne Maria.

Namnet skjemmer ingen, blir det påstått.

Men kvifor er det då så få melkisedek, sjadrak, ananias, kvirinius og habbakuk'ar?

Det hadde vore noko, i staden for å ha tre som Katrine med C,katrine med K, tre katrine med Ch, at ein hadde tre melkisedek, dvs Melkisedek med to d'ar, Melkisedek med ch og Melkisedek med ck.

Det er forresten ikkje så mange som heiter Kåre, heller, når eg tenkjer meg om. Kåre er ut.

Det er jo litt pinleg viss ein meiner at namnet ikkje skjemmer nokon.

I ukebladene er det jo slike spørrespalter der du kan spørja vise gamle damer om slikt ein ikkje torer å spørja andre om. Me kunne jo tenkja oss ei annonse som:

Kjære Stella,

Jeg heter Kåre, er det normalt?

Slik vil ein jo ikkje finna i dag. I staden kan ein gå inn på nettet til statistisk sentralbyrå og finna at dersom du er ung og heiter Kåre, er det heilt unormalt. Og så er det mogleg å få endra namnet sitt, til dømes til Marcus - Marcus med C.

Då eg gifta meg, tok eg namnet hennar - ja, ja etternamnet altså.

Eit stund seinare arbeidde eg på anlegg og møtte Ali, han som hadde vore bas frå førre anleggsperiode.

- "Hei Ali, hugsar du meg att?" Han gjorde ikkje det.

- "Hva hete do?"

- "Pedersen heitte eg då, men eg heiter Uppstad nå".

- Så kikkte han på meg: "Nai, Fytte gris, do ta namn til kjerringa?"

Namnet skjemmer ingen seier dei. og det var ikkje det at eg var så veldig skjemt, men det var heller ikkje så lett. Etter eit nattskift, blei eg vekt av telefonen. Eg leitte fram telefonen i ørska.

Så fekk eg fullstendig jernteppe.

Det er jo vanleg å seia etternamnet sitt når ein tek telefonen, har eg lært.

Men eg kunne ikkje komma på det.

Eg hadde gløymt kva eg heitte.

Eg hadde eit svakt minne om at det var eit eller anna på U, men det var òg alt.

"hallo" svara eg etter ei lang stund.

Den afrikanske diktatoren Josef Desiré Mobuto skifta òg namn. Ikkje i samband med giftarmål, men då han svinga seg opp politisk. Han kalla seg i staden: Mobutu Sese Seko Kuku Ngbendu wa za Banga "Den allmektige krigaren som på grunn av sin utholdenhet og urokkelege vilje til å vinna, vil gå frå erobring til erobring og etterlata seg flammar i sitt kjølvatn" .

Det var då eg innsåg at mi endring ikkje var å ta for hardt i.

Det er noko språkleg mellom himmel og jord - noko meir enn reine namnelappar på nakne fakta. Som når eg høyrde ein radioreportasje om Afghanistan under taliban-tida, eg måtte stoppa bilen for å skriva det ned: "Ministeren i departementet for dydens fremme og ondskapens bekjempelse". Det er interessant med slike språklege konstruksjonar, som når informasjonsdirektøren på HiS har fått tittelen "Strategi- og kommunikasjonsdirektør". Det er ikkje lenge før me innafor offentleg sektor kjem til å sjå tittelen "Sjefen for dei gode tidene".

Slike språklege konstruksjonar er ikkje så ulikt spørsmålet om kvifor det regnar frå lyktestolpar.

På leikegolvet spør Åsmund

"Og så sette eg bilen her i ein ærbødig stilling"

-"ærbødig stilling" kva meiner du?

-"Han ska stå her i ein ærbødig stilling"

"kor har du høyrt det?"

"I Donald, når han blir brannmann"

"Åja, men det betyr at han har fått ein fine jobb"

"Nei"

"Jo, det er brannsjefen som gir han ein god jobb"

"Nei, bilen ska stå i ein ærbødig stilling"

Og slik held det fram.

Og etter ein slik dag seier han i bilen.

"Pappa, eg finne på møje tull, men eg gjørr i allefall jobben min"

Kor har han dette frå? Eg har aldri sagt noko slikt. Og meine han at eg ikkje gjørr jobben min?

"Ka e jobben din, då?" spør eg

Det e å gå i barnehagen, lega, og grava i sanden"

Og eg lurar på, er spørsmål som "kvifor regnar det frå lyktestolpar" del av tullet eller del av jobben?

Eg trur det er ein del av jobben. Min jobb altså.


Advent i Kongo Brazzaville

Advent i Kongo-Brazzaville

Han er ei kryssing av schæfer og eit Volvo Amazon-framsete. Minst.
Han er personifikasjonen av ordet rasist der han konsekvent glefsar, bit og gøyr mot alt svart, medan alt kvitt får eskorte til døra. Kvite tjuvar har ei framtid i Kongo.
Gerimo heiter han, er shäfer og får kost og losji mot å vakta Centre Missionaire EEC, BP 77 Brazzaville REPUBLIQUE DU CONGO. Me stirer alle i tallerken - Paven kunne gjerne ha kome inn i ei slik stund med krossteikn og røykjelsesberarar, men let det vera - meldinga går hardt inn på oss:

Gerimo er borte.

Kven skal no skilja mellom ven og fiende, kvit og svart, cowboy og indianer, tjukk og tynn, surt og salt? Ryktene seier at han er blitt kidnappa. «Kvifor» seier eg. «Han er tjukk» svarar ho og himlar med augo over endå eit tåpeleg spørsmål.

SCORE ligg ikkje lenger frå Kongofloden enn at du trygt kan springa frå handlevogna og pissa i elva med utsikt over Kinshasa. Score har høge spir og liknar eit veldig mormonerbedehus der dei sel herlege ting til dei utvalde - dei som har pengar. Eg er viss på at direktøren omtalar det som «High score» for sine vener. Det slukar pengar i større fart enn Terminator II-spelet i bowlinghallen på Åsen i Stavanger. Eigentleg har eg ingenting der å gjera.

Men.

Eg svingar unna ein mørk tiggar utan bein, og stansar på den rommelege parkeringsplassen. Han får 100 frs før han får strekt ut handa. Det er jo jul.

Ein frisk og sprek ungdom har sett gesten og er raskt framme med handa og eit fårete 10-årig julehefteselgjarblikk. Det er ikkje jul enno.

«Nei, du får ikkje pengar - gå og spør mamma» «Har du ikkje mamma, seier du?» «Du har vel heller ikkje pappa, onklar, tanter, bestemor eller bestefar?» «Akkurat» «Og alle venene dine er óg døde, hm?» «Og far din, som jo eigentleg er død, har ikkje jobb nei?» «Har du ikkje såpe til å vaska familien sine klede med, seier du?» «Men, var dei ikkje alle døde då?» «Hadde du gløymt det?» « Å? Er dei berre døyande - er det slik det heng saman?»

Eg er innafor og stoppar opp i møte med den kondisjonerte lufta.
Alice i eventyrland. 13 negerdamer i sterile konditoruniformar sit som fastsveiste napoleonskaker i folketome kassar, og gåseleverpostei og fransk raudvin mediterer taust over ein fransk versjon av « I believe in Santa Claus».

Eg let ei handlevogn ta meg med til kjøledisken, og kvekk til i det ei kvitlaukspølse rullar ut av synsfeltet og ned i den djupaste enden av trillevogna - og blir liggjande. Eg veit ikkje om det er den stive malarianakken som hindrar meg i å sjå pølsa i snabben, eller om det er uvilje mot dette ukjende som har trassa min personlege integritet ved å trengja seg innpå meg.

Pølsa har kome til meg - me er eitt.

Ho er mi, og eg er hennar.
Eksitensialismen er banal. Eg er komen til Score utan mål og meining - utan handlelapp eller allvitande kone. Dessutan er eg ikkje svolten - primærdrifta manglar.
Ei ambassadørfrue dundrar forbi meg med ei vogn søkklasta av mål og meining. Eg startar med eit rykk, og pølsa rullar såvidt opp i synsranda i det aksellerasjonen avtek.

Ho minner meg om at ho er der, og at eg har eit ansvar.

Eg finn meg ute av stand til å møta utfordringa som ei slik einsleg kvitlaukspølse i ei handlevogn gjev. Eg legg panisk ein frosen kylling ned i korga, men må berre leggja han bort. Det kjennest ikkje rett. Folk byrjar å sjå langt etter meg. Eg kjenner meg klaga. Skråstilte nakkar skrik etter meg:

«Gjer noko då, mann! Fyll opp!»

Eg er viss på at denne skampletten av ei pølse kjem til å føra ulukke over meg. Eg hadde aldri trudd at ei pølse kunne ha ei slik makt over ein mann. Eg hadde vore betre stilt med å ha ein sirkusdirektør til far, der eg i skam måtte stua vekk elefantar og halvnakne ungarske trapéskvinner, og i siste liten slengja ein paljett-BH etter dei ut i bakgården, før eg kunne ta imot vener frå universitetet til kollokviegruppe i heimen. For ikkje å gløyma det psykiske presset ved gulasjlukt og austeuropeisk familiekrangel midt i ein snobbete diskusjon om litteraturteori.

Eg og pølsa - pølsa og eg.

Eg treng pause frå dette scenariet. Eg tvangs-oppnemner ein pakke kjøtdeig som fosterbror til pølsa og trykkjer han faderleg mot brystet. Dette er ingen konvensjonell handlemåte, men det tek fokus bort frå handlevogna, og gjev meg eit lite forsprang.

Like innanfor souvenirmarknaden står det ein ståltrådkunstnar. Syster mi - som er på besøk - vil kjøpa ein minatyrsykkel, og han prisar varene etter hudfarge. 2500 frs skal han ha.

«Skjerp deg!» seier eg verkeleg overraska.
«Eg er berre ein lusen ungdomsarbeidar som får løna i bananer - ikkje forretningsmann eller minister».
«Kor mykje gjev du?» spyttar han.
«Eg har tidlegare betalt 4000 for ei folkevogn» byrjar eg.

Slike situasjonar krev korte, konsise og små-arrogante svar. Min franske blodbank er tom og difor ute av stand til å tilføra den språket det minste grann av futt og sprell i form av provokasjonar. Eg kjenner meg som ein prest som framleis snakkar, kvarteret etter at konfirmanten har spurt han om korleis ein blir homofil, og der han vaknar frå monologen sin ved at den same konfirmanten klyp dottera hans i baken.

« .. noko som er mykje meir arbeid enn den skarve sykkelen der. Altså gjev eg 750 for sykkelen.»

Fyren ser ikkje på meg. Han forsvinn. Han kjem attende med tang og ståltråd og bed meg frekt om å laga ein slik sykkel. Han speler rolla som fornærma husgud godt, og han set opp eit ufordrageleg andlet, som viser at han er van med store offer frå stinne lommebøker.

«Nei» seier eg. «Eg fortel deg berre kva marknadsprisen er og at du ikkje kan krevja kor mykje pengar som helst»

Fransk er noko drit.
Det fungerer fint når ein til dømes har velførebudde fraser om Gud framfor ei from forsamling - men til å kjefta med? Eg er ein pakistaner i Bærum kommunestyre som prøver å seia noko overtydande om eldrepolitikk.

Saka tek ei ny vending:
«Du argumenterer som ein beibi» grin han spottande opp i andletet mitt. «Du burde ta 1. klasse på barneskulen om att!»

Han snakkar stødig og arrogant, tydeleg kry over at han ikkje slutta skulen før i midten av 3. klasse. Det er ikkje til å unngå at eg tek meg til halsen der eit stygt universitetsslips har rett på båtfeste.

«Ok» tenkjer eg, «viss han speler rolla som Hjortejegeren - då speler eg rolla som skadeskoten Bambi i fanget på Brigitte Bardot på pressekonferanse med CNN».

«Er det slik de behandlar kundane? Her kjem eg med eit ope sinn og så blir eg fornærma på det grøvste! Tenkt om eg fortalde venene mine korleis du fer fram? Då har du ei strålande framtid!»

- ropar ein kvit ung mann medan han står med stive armar og trykkjer båe tomlane inn i ein kilospakke med kjøtdeig. Psykisk påkjenning gjev ofte fysiske utslag.

Alt dette berre fordi eg ikkje er svolten eller har fantasi til å handla inn til jul. Brazzaville er full av diplomathustruer som ikkje kan reisa heim utan fullt lass i handlevogna. Men kvifor kan dei ikkje la ein mann med ei kvitlaukspølse og ein skjenda pakke kjøtdeig vera i fred? Folk ser i vogna, på meg - og nikkar. «Freud» seier augo deira, og eit eller anna om sengevæting og seksuelle spenningar

Eg ser eigentleg mange som kunne vore tente med å gå med eit slikt belasta klientell i handlevogna. Kanskje er det beinhard klassekamp eg driv med, som ei solidaritetshandling med alle dei svarte som aldri kjøper meir enn ei bolle, eit eple eller ein blyant? Eg kjenner martyren veksa inni meg - altfor fort - liksom barnet i ei sambandsjente som har fått det travelt med å koma i kvit kjole, og som strevar med å skjerma familien mot eit visst samtaleemne til kva tid som helst etter bryllaupsmiddagen. I eit fransk supermarked i Kongo går eg med ei 40 cm halvtint kvitlaukspølse og ei gjennombora kjøtdeigpakke som eit symbol på brorskap og fattigdom over landegrensene.

Heile varehuset forkynner julebodskapen om Donald som blei fødd i ein stall hjå bestemor Duck . Guffen kom heim frå marka og gledde seg over den vesle. B-gjengen kom langvegsfrå og fylgde dollarteiknet til finanskongen Skrue, men han kjende ikkje til nokon ny, stor investor (det var Walt Disney dollarteiknet lyste for). Donald kom for å fortelja oss at det e mogleg å bli verande idiot og at det er viktig å eta matroslua si når fetter Anton er heldigare enn ein sjølv. Det er ikkje så mange som tenkjer på kvifor det er 2 timar Donaldfilm på julaftan. Alle er glade i Donald.

Her er det ikkje verande. Retretten er rasjonell og upoetisk, eg berre vrengjer lommeboka hos napoleonskakene og flukta er eit faktum.

Når ein ligg på rygg og ikkje får sova, er taket på Centre Missionaire skite og fullt av spindelvev. Nåja - det er ikkje nok til at ein får noka stallkjensel, men likevel.
Eg er sultefora på juleheilagdom - på heilagdom i det heile. Denne byen er ikkje ein verande stad. Ikkje på grunn av Afrika, men fordi eg ikkje taklar å sjå meg sjølv så klårt på ein dårleg dag.

I ei slik stund kunne eg ha kome til å konvertera berre for å få litt fokus på Johannes 1: 9 «Det sanne ljoset, som lyser for kvart menneske, kom no til verda» - om det så måtte vera med hjelp av litt røykjelse og katolsk hokus-pokus.

Lucia-dagen. Betlehem. Advent. Lukas kapittel 2.

«Han er komen til oss!», ringer det for meg. «han er her! Han er her!»

Eg stig opp i andakt, sveipt i lakenet mitt for å vera med på det store. Ute i den kjølege kveldslufta løftar eg blikket, men ser til mi overrasking ned på han som er komen. Han står med tunga ut av kjeften og lograr intenst med halen. Tri fromme kvinner viser si glede over at Gerimo er komen til rette. Eg fiskar motvillig fram ei høveleg gåve. På veg inn ser eg snabben på kvitlaukspølsa forsvinna bak kvasse bikkjetenner.

Kva har Pippi med språkteori å gjera?

Eg tykte alltid at det var festleg når mor ropte på meg med onkelen min sitt namn. Det hendte ikkje ofte, berre når denne onkelen sat på bussen på veg til komlemiddag hos oss, eller når han elles blir nemnt i ein samtale. Og - ho blandar berre namnet til den mykje yngre boren hennar, aldri namnet på dei eldre brørne hennar. Sjølv forklarer ho blandinga med likskapen - at me har ein del av namnet sams: Per Henning og Henning Øyvind. At det ikkje berre kan vera det, ser eg når eg sjølv blandar namnet til min son Åsmund og min mykje yngre bror Torbjørn. Det kan jo godt tenkjast at det å vera forelder til ein liten gut som ein har omsut for, og å vera mykje eldre søsken til ein liten gut har mykje sams, og at ein difor lettare blandar namna. Slike eigenskapar ved ord (her namn) er slikt som ein helst ikkje vil snakka om når ein er oppteken av system. Fordi alle kolonnar i pyntelege system ryk i møte med slikt rot.

Eg tykkjer at det er påfallande at ein så ofte i innføringar i språk har firkanta og pyntelege system for korleis meining er strukturert. Problemet er at det er svært avgrensa kva som let seg fanga i ryddige system - i alle høve når det gjeld meining. Slike system fører også lett til eit syn på kommunikasjon som transport (at ein uproblematisk pakkar inn eit bodskap som ein sender frå seg og som uproblematisk blir pakka opp og mottatt). Aktuelt sett, har jo Kabul-Åsne minna oss om ein slik modell gjennom si terping på: "vi hadde en glassklar avtale", "jeg skrev ned sannheten", "jeg har ikke tolket noe".

Sjølv er eg nysgjerrig på det Kjell Lars Berge kallar ein retorisk lingvistikk, dvs ein språkteori som i større grad enn dagens grammatikk kan skildra fenomen i språket som er avgjerande for meining. For, det assosiative i språk og difor dei språklege vanene våre er mykje viktigare enn det har vore vektlagd i tradisjonen. Språk bør kanskje heller sjåast på som eit spel, der ein speler på assosiasjonar til ord og erfaringar med ord. Kommunikasjon blir då eit samspel mellom dine og mine ord og meiningar.

Det er her Pippi kjem inn:
- Hva har du egentlig funnet på, Pippi?
- Et nytt ord, sa Pippi og så på Tommy og Annika som om hun først nå fikk øye på dem. Et splitter splatter nytt ord.
- Hva for et ord? sa Tommy.
- Et meget godt ord, sa Pippi - Et av de beste jeg har hørt.
- Si det da sa Annika
- Spunk, sa Pippi triumferende .
- Spunk sa Tommy. Hva betyr det?
- Hvis jeg bare visste det, sa Pippi.
- Det eneste jeg vet er at det ikke betyr støvsuger.
- Tommy og Annika tenkte på det en stund. Til slutt sa Annika.
- Men hvis du ikke vet hva det betyr, så er det vel ikke til noen nytte?
- Nei, det er det som ergrer meg, sa Pippi.
- Hvem er det egentlig som fant på fra begynnelsen hva ordene skal bety, undret Tommy seg på?
- Antagelig en haug gamle professorer, sa Pippi. Og sannelig er folk rare! Tenk for noen ord de finner på. "Balje " og "treplugg" og "hyssing" og slikt noe - ingen kan jo skjønne hvor de får det fra. Men spunk som er et virkelig godt ord, det lar de ganske enkelt være å finne på. Så heldig at jeg kom på det! Og nå skal jeg få greie på hva det betyr også.

Pippi sitt bidrag til språkteorien er: ord og meining ligg ikkje fast, det er bruken av dei som er avgjerande.

At slike assosiasjonar er regelmessige, kan me sjå i ein annan samanheng. Forfattarane Douglas Adams og John Lloyd har laga fleire bøker om "The meaning of liff", dvs dei tinga og fenomena rundt oss som det ikkje finst ord for. Dei har då teke stadnamn frå avsidesliggjande plasser og gitt dei ny funksjon: å setja ord på daglegdagse fenomen rundt oss.

Og her er nokre norske nykommarar:

- Emleim (m.) Den særeigne salong-lukta av røyk diesel og kjøttkaker som ein finn på mindre ferjesamband på Vestlande og i Nord-Noreg
- Floretuten (m.) Det maurslukarliknande handtaket på bensinpumpa
- Gnuldreheii (f.) Den delen av ei salme som anten går for høgt eller for lågt og som gjer at ein må skifta oktav
- Nesoddtangen (m.) politisk fenomen der ein i ei utsegn seier nesten det same tre gonger
- Fjøsne (f.) Kvinne bak disk på offentleg kontor som ikkje er særleg til hjelp.
- Flaen (m.) Mann med vest bak disk på offentleg kontor. Heller ikkje til særleg hjelp.

Det eventuelt komiske med desse orda, er om ein gjennom ordforma klarer å skapa assosiasjonar som gjer at ein aksepterer forklaringa. Slik sett viser det korleis språket hentar tyding frå alle kantar, ikkje minst frå våre erfaringar med ord.

Opp mot dette har me den normative retninga som inneber at ord har ei tyding, at dei viser til ein ting, at språket er 'logisk': Her i sommar las eg på førstesida i VG at ein norsk miss - eg meiner sjølvsagt ei norsk miss - var sendt feil ute i verda. Der stod det "Norsk Miss til feil by i feil land". Og trongen til å finna feil dukka jo opp i meg med ein gong, ei drift som hos norsklærarar er sterkare enn seksualdrifta. "Hm" tenkte eg. "Når du skal på missekåring og har kome til feil land, så har du vel pigede allerede kome til feil by og?" Det er jo ikkje Mc Donalds du skal på. Så las eg vidare at dei to byane faktisk hadde same namnet. Dersom VG absolutt skulle ha ei presisering av kor gale dette var, så måtte det jo heller vera at det var rett by i feil land - altså feil by. Om dette burde eg sikkert ha skrive lesarinnlegg i avisa, slik me jo ser med jamne mellomrom. "hvor mange ganger må jeg fortelle dere at det mennesker blir skadet men er epler som blir skadde?" Men språket er ikkje primært logisk. Det er ikkje matematikk. Det er langt på veg eit spel, og difor er det for kommunikasjonen sin del heil greitt at missen vart sendt til feil by i feil land. Det heile var ein kjempemiss.

Språkspelet er Wittgenstein sitt poeng i språkfilosofien. På liknande vis står også Bakthin sine tankar om det dialogiske, om forholdet mellom ord, i motsetnad til ein transport-metafor. Kor viktige er desse stand-up-poenga, eigentleg? Kan det tenkjast at når det gjeld å mestra språklege daglegdagse utfordingar utover i livet, at det er av avgjerande betydning om den grunnleggjande forståinga av språk er som transport eller som spel?
Dersom me ikkje speler meir, kjem me mellom anna til å sjå fleire rasande bokhandlarar - og det som verre er.

Krigen om englane

Me likar å gå rundt juletreet. Og me går lenge rundt julatreet. Faktisk går me frykteleg lenge rundt juletreet heime hos oss.

Mitt hjerte alltid vanker. Einerbærbusk. Deilig er jorden. - for den kan svoger Henrik ein basstemme på og eg ein annan, men dei passar ikkje i hop. Derfor blir det aldri heilt fint. Viss berre ein av oss hadde gitt seg, så hadde det blitt kjempefint. Men det er ingen som gir seg. Aldri. Det er berre på eitt punkt me må gi oss, det er når pappa tek til med No koma Guds englar. Bevares, det er ein nydeleg song. Men pappa veit at det ikkje er nokon andre som kan han. Og så syng han med ein sånn ein ertestemme "nini, nini, ni,ni". Vemmeleg er det. Det er like ufordrageleg som når han fis når me er ute og handlar. Det er ingen som fis styggare enn far min. Då er han verkeleg ufin - då, og når han syng "No koma Guds englar" rundt juletreet. Så går me der som nokre nek, tolv-femten mann mens han syng ertande om englane, og me går og snoflar rundt treet og tenkjer på mandariner og kva som ligg i dei pakkane me svirrar rundt. Det merkelege er at ungane ikkje skrik, dei er vel så overraska over bestefaren som går der og syng ertesong for seg sjølv - og over dei 12-15 andre som går og ser ut som dei har tapt i Ludo.

Det var i fjor at me bestemte oss for at sånn kunne det ikkje vera. Me bestemte oss for å ta han - på sjølvaste julafta. Og me tenkte å slå til på den gammel-testamentlege måten: auge for auge, tann for tann. Det er det som i ettertid er blitt kalt krigen om englane.

Så til å øva. Og me pugga salmevers. No koma Guds englar har åtte vers, men det var ikkje så lett som det kan høyrast ut. Sangen er så tettpakka av metaforar at me stadig tok feil. Sangen er stappa med bibelhistorie. Det kjennest som du har heile nye og gamle testamentet på åtte små vers. Eg trur Blix må ha laga han mens han stod og stappa pølser. Under øvinga var det ikkje få kjetterske forteljingar som kom etter samanblanding av historier og metaforar. Det var til dømes ikkje Sakkeus David drap med slynga, og det var heller ikkje Pontius Pilatus I hvalfiskens buk. Siste øvinga hadde me på badet like etter at me hadde vore i kyrkja på julafta. Krigen om englane var farleg nær, og me var heilt kokte i hovudet av desse englane og halve bibelhistoria som fulgte med. Ingjerd heldt på å spy, og Ragnhild tykte me tok dette litt vel alvorleg. Me stod der fire stykk og banka gjennom vers etter vers med innbitt mine: babam ba, babam ba, babam ba, ba ba. Sidan Berit har så grassat med ungar, hadde ho hatt litt lite tid til å øva, men ho tok det att med kroppsleg iver. Ho såg steike galen ut, vill i blikket mens ho song mer om 'na, na, na, na' enn om 'Isais stuv der livskvisten spring fager og mogen'. Eg var halvredd henne. For ikkje å seia for henne. Ragnhild var den som tok dette profesjonelt, ho song med sjølvsagt presisjon og drog på akslene av Galne-Berit og dei to andre som stod og ni-stirra ned i ei salmebok og dundra monotont på eit konservativt nynorsk. Lite julefred å ana der og då. Så gjekk me med vår grusomme plan og spiste pinnekjøt og hadde det riktig triveleg. Me fire kikka på kvarandre og smilte lurt, eigentleg var me så fokuserte på krigen om englane at me ikkje heilt klarte å nyta middagen. Brått såg eg at Ingjerd hadde spora av, ho sat med opne auge og stirra inn i kålrabistappa mens ho pikka takten på kanten av tallerken. Babam ba, babam ba, babam ba, ba, ba.

Så var me endeleg på scenen. Rundt treet med heile bøtteballetten. Og me var klar. Deilig er jorden. Korkje Henrik eller eg firte. Stygt og kjekt var det. Mitt hjerte alltid vanker. Einerbærbusk, Så seier pappa at han har lyst på kaffi? Me ser på kvarandre og lurar på: kven er forrædaren? Nei, me må kunne ikkje gi oss nå. Eg dunkar i mamma, så ho kan få han på sporet. Eg tenkjer forundra: har han verkeleg hatt vit til å slutta med dette heilt av seg sjølv? Og kva med englakrigen vår? Det går så langt at mamma må spørja om han ikkje skal syngja No koma Guds englar.


Ingjerd er allereie heilt raud i toppen i frykt for at alt skal gå i vasken. Nei forresten ho blir aldri heilt raud, men knall raud med kvite felt, ja nesten som ein fluesopp - som seier "trø meg inkje for nære". Nei då kviknar han til, og me er i gang. Eg kjenner eg syng litt for høgt på første verset. Han kikkar litt forvirra på oss i augekroken over at me syng med, men dette er elementært.

No koma guds englar med helsing i sky

Guds fred og velsigning dei bjoda

No stig I frå jordi ein helgasong ny

Som skal gjennom himmelen ljoda

Guds fred og vel møtt

Du barn som er født

Guds fredsfyrste høgt vere lova.

Me dreg kort pusten etter siste tone, og er rett i gang med andre verset. Pappa har forma munnen, men får ikkje lyd før ut i andre takten. Guds englar var visst i farten i år… Ingjerd er som eit lokomotiv, ingen - ingen - kan stoppa henne frå å syngja desse versa.

Til frelsa den fyrste er kåra og krynd

og komen til løysing og lukka

For menneskeborn som er fødde i synd

Og alt uti vogga må sukka

Guds fred med dei små

Som honom fekk sj!

Vår fredsfyrste høgt vere lova.

Før verset er ferdig, ser eg på han at han leiter etter tredjeverset. Det gjeld å koma på rett spor, eller på rett metafor. Viss ikkje, så har du tapt. Det er som svigerfar seier om Sesilåmi: det du taper i starten, det tek du aldri att. Men Ingjerd og Ragnhild held koken. Ragnhild går og sullar seg sjølvsikkert gjennom heile verset, som om dette berre var slik det skulle vera, og ikkje det at me her held på å vinna krige om englane midt på julafta. Kva ungane tenkjer I år, skal vera uvisst, dei skjønar i alle fall at det er noko som skjer, for det er ikkje den ruslande turen rundt treet, men meir ei målbevisst trasking, meir som ein pålagt utmarsj, der ingen får lov å gi seg. Der ser eg at har han funne starten, men det har ikkje eg. Men det gjer ikkje noko. Avtalen er at Ingjerd har ansvaret for å dra fram til halvgått løp, så skal eg leggja meg først i løypa og spora oss inn på den rette metaforen i dei siste fire versa. Pappa har fått tilbake ertetonen, han trur han skal få til eit rykk i motbakken i tredjeverset. Tredjeverset er alltid vanskeleg, sjå berre på Ja vi elsker. Det er ingen som kan tredjeverset, kan du skjøna.

Me kan. Og Ragnhild denne gongen, tek ei finte og droppar den halve takten mellom versa og durer rett på tredjeverset utan å puste. Også her kjem pappa inn på andretakten, sjølv om han har orda klar. Og me voffar I veg.

I djupaste mørker vart himmlen klår

Då stjerne av Jakob seg viste,

I hardaste vetter det grønkar som vår,

Og fagraste knupp spring av kviste

Guds fred og god jol

Med sumar og sol!

Vår fredsfyrste høgt vere lova

Fjerdeverset er det ingen som kan - bortsett frå oss då. Det er fristande å leggja inn pausane som me hoppa over mellom dei føregåande versa. Men me har det travelt, me er ikkje så ofte innblanda i slike englekrigar at me torer å unna oss ein aldri så liten pause. Men det er mamma som startar fjerde verset, med ei sterk nynning. Ho har ikkje øvd, men det har jo ikkje Berit heller, men lyd, det lagar dei. Ingjerd spikrar metaforane med overtydeleg artikulasjon. Det er ikkje mykje song frå hennar kant. Svogeren min går og nynnar ein ters over alle oss andre, medan det eigentleg berre er Ragnhild som driv med noko som kan kallast song. Det eg og Ingjerd gjer, liknar meir å ropa ut oppslag frå ei bibelordbok.

Der ute er jordi so isende kald

Og trei stend svarte I skogen

Men Isai stuv som til frelsa er vald

Skyt livskvisten fager og mogen

Guds fred med den tein

Av grønkande grein

Vår fredsfyrste høgt vere lova

Det er ein utmarsj med utprega nynning, ein overstemme to ordbokslesarar, ein songar, og ein som etterkvart er blitt litt spakare, og som berre syng med på nokre av orda. "Vi har ham nå"

Berit har fått den same kroppslege iveren som ho hadde under øvinga på badet tidlegare på kvelden. Det er eit skremmande syn. Mannen hennar ristar på hovudet og tek med seg dei to ungane så dei ikkje skal sjå mora medan ho syng 'na, na, na, na, na' av full hals til ein julesong rundt treet. Når eg ser Berit i det humøret så tenkjer eg berre: "det er ikkje noko å vera redd for, det er berre film". Så kjennest alt så trygt. Og så e det min tur til å dra, eg skal vera ankermann herfrå og i mål

No stjerna frå Bethlehem lyser om land

Frå høgsal til armaste hytta

Det ljosnar så vent over dalar og strand

Der inn hennar strålar få glytta

Guds fred over mold

Vår sol og vårt skjold

vår fredsfyrste høgt vere lova

For å ikkje gå feil, har eg lagt opp min eigen strategi. Eg let heile den kompakte bibelhistoria passera - ikkje i revy - men iflannelograf. For kvart av dei fire siste versa har eg inni meg lagt fram filtfigurar i rett rekkefølge for at historia skal komma fram. Og det du har sett på flannelograf det gløymer du aldri. Det var mitt hemmelege våpen i krigen om englane - og det kunne ikkje slå feil.

No ljodar ein lovsong frå alle Guds born

På alle folks tunger dei kveda!

So vide som klokkene tima frå tårn,

Stig tonar av hugnad og gleda.

Alt kling som I kor: Guds fred yver jord!

Vår fredsfyrste høgt vere lova.

Her var me inne i ein vanskeleg del av løpet . Me snofla oss framover og sjølv hugsa eg berre fraser, men ikkje kva rekkefølge dei skulle stå i. Men me kunne litt kvar og fylte tomromma med nynning. Sidan me var mange - og han berre ein - så framsto det frå når side noko som totalt sett likna unison, melodiøs støy. Frå pappa kom det toppen eitt ord per verselinje om lag som når Geir syng Elvis etter hukommelsen, eller når Mister Bean berre syng med på Halleluja. I neste motbakke, tenkjer eg……

Lat gjetordet ganga frå grend og til grend

Så vide som tunga kan mæla

Om Sonen som er oss frå himmelen send

All verdi til siger og sæla

Syng ut I kvar bygd

Guds fred ifrå høgd

Vår fredsfyrste høgt vere lova

Innspurten er godt i gang, og eg har hengt opp filtfigurar på min indre flannelograf nok bibelhistorier til eit heilt semester i sundagsskulen. Men allereie nå kan eg konstatera at krigen om englane er vunnen. I løpet av sjuande verset kom det ikkje ein tone, ikkje eit ord frå den årvisse erte-engelen. Det ser ud så han blei litt rørt òg. Det er ein god tapar. Det er berre ein ting som er verre enn dårlege taparar, og det er dårlege vinnarar. Og nett det stod me i fare for å bli, såpass på krigsstien som me var. Mesteparten av sjuande verset brukte me til å bremsa kraftig opp, å køyra alle motorane i revers. Ingjerd senka akslene og hadde ikkje lenger ei så militær framtoning. Til og med Berit såg litt harmonisk ut når siste tonen på verset seig ut. Mannen hennar kikka inn frå gangen for å vurdera om han torde sleppa ungane inn nå. For sisteverset kan alle. Det er merkeleg det, folk kan 1, 2, og sisteverset - og slik var det med erte-engelen òg. Me slakka av på farten og gjekk parallelt mot mål. Her skulle me gå saman over mållinja. Og det var jo tross alt betre på ei julafta, sjølv om me nok hadde tenkt å gå for full maskin heilt til mål og så kasta oss over mållinja og triumferande strekkja hendene i veret. Men dette var jo faktisk mykje betre - for det såg ut til at me ikkje berre skulle vinna krigen om englane - moralsk sett - men at me i same vendinga kunne sikra freden - julafreden.

Den freden meg meg fylgje frå vogga til grav

Meg hugge I såraste suter!

So segjer eg når eg frå verdi fer av

Og døyande hovudet luter:

Guds fred og farvel! No sovnar eg sæl.

Vår fredsfyrste høgt vere lova.

Når siste tonen lydde, var det berre ein ting att å seia: "Nå må me ha kaffi".

Så fekk me fred. Og det må vel kallast julefred.


Om elefantar i lese- og skrivevitskapen

Filosofen Arne Næss viser i boka 'Hvilken verden er den virkelige?' til parabelen om elefanten og dei blinde si skildring av han. Nokre fekk tak i halen og andre øyrene, men sams for dei alle var at dei på kvar si side tok det for å vera heile elefanten. Næss sitt poeng er at skildringane supplerer kvarandre og at dei langt på veg er korrekte, men at dei alle er ufullstendige. 'De gir seg ad med å diskutere ut frå hvert sitt delsystem, hver sin del-elefant, som om det var hele elefanten de hadde for øye'.

Det blir i desse dagar utarbeidd nasjonale prøver for lesing og skriving. Oppdraget er politisk og ulike fagmiljø i Noreg har tatt på seg å utføra dette oppdraget.

I forskingsmiljøa kan debatten om lesing og skriving i skulen seiast å vera prega av at norskfaglege miljø og spesialpedagogiske miljø er usamde om kva fagfelt som best kan gi svar på kva lesing og skriving er. Dette kan ved første augnekast likna ein fruktbar debatt der det blir stilt spørsmål ved etablerte sanningar. Går ein nærare inn på diskusjonen, blir det tydeleg korleis standpunkta manglar eit blikk for at studieobjektet er større enn det fagfeltet ein sjølv høyrer til.

Det mest urovekkjande - og minst diskuterte - ved det politiske oppdraget er at me får to prøver som er uavhengige av kvarandre - ei i lesing og ei i skriving. Prøvene blir laga på vidt forskjellig teoretisk grunnlag, og ingen har vist om eller korleis resultata frå dei to prøvene kan relaterast til kvarandre. Dette er påfallande sidan både lesing og skriving gjeld mennesket si meistring av skrift. Ein kan nok seia at dei folkevalde har handla i god tru, ettersom lesing og skriving vanlegvis blir studert kvar for seg i nasjonale og internasjonale forskingsmiljø. Samanhengen mellom lese- og skrivedugleikar er sjeldan eller aldri grundig undersøkt. Dette har fleire uheldige sider. For det første blir grunnlaget for å diagnostisera og behandla lese- og skrivevanskar einsidig. For det andre kan omgrepa som ein nyttar bli meir overflatiske. For det tredje, dersom ein ikkje studerer desse dugleikane i samanheng, vil ein ikkje komma noko lenger i teoriutviklinga om samanhengen mellom lesing og skriving. Dette vil hindra nyskapande forsking og pedagogikk som gjeld lesing og skriving.

Det er ikkje vanskeleg å skjøna at nasjonale prøver primært blir laga med pedagogiske og politiske mål for auget. Men det er vanskelegare å skjøna at ein ikkje i større grad har nytta høvet til å gjera ny og grunnleggjande forsking. Eg siktar ikkje berre til ei djupare forståing av sambandet mellom dei to dugleikane. Eg trur òg ein kunne få eit betre tilhøve mellom pedagogisk forsking og praksis. Ideelt sett bør det vera ein vekselverknad mellom desse. Teorien må justerast etter praksis og praksis må justerast etter teorien. Det vil seia at teorien og praksisen må vera i stadig endring. Slik kan ein gradvis nærme seg sanninga og dei instrumenta eller metodane som best viser oss røyndommen.

Ein professor i medisin sa ein gong at dersom ein finn den rette definisjonen på kreft, vil ein også klara å lækja alle sjukdommar med denne diagnosen. Den same tenkjemåten kan nyttast når det gjeld avhjelping av lese- og skrivevanskar. Ei av dei viktigaste oppgåvene er å få betre definisjonar av desse dugleikane. Betre definisjonar er òg naudsynt for å laga betre testar. Betre definisjonar vil òg avklara samanhengen mellom lesing og skriving. God empiri krev god teori - og motsett. Ei god forståing av sambandet mellom lesing og skriving er viktig for effektiv førebygging og avhjelping av lese- og skrivevanskar. Tiltak på det eine området kan understøtta tiltak på det andre området. På dette området kan ein òg få erfaring og innsikt som kan fremja den første lese- og skriveopplæringa.

Me står overfor store og viktige utfordringar når det gjeld lesing og skriving - og samanhengen mellom dei. Dei nasjonale prøvene kunne gitt oss mange moglegheiter, men desse vil neppe bli fullt utnytta etter den organiseringa som er vald for utvikling av prøvene. Dette er både eit politisk og eit fagpolitisk problem. I eit slikt perspektiv vil dei to isolerte prøvene få meir og meir konturane av å vera mastodontar. Mastodonten var også ein slags elefant, men han er - som mange veit - utdøydd.

Homo Xerox - det kopierande menneske

Det er ikkje uproblematisk å skildra korleis mennesket er eller skal vera. Det blir likevel gjort rett som det er. Det blei gjort særs tydeleg for nokre år sidan i L97 - læreplanverket for den 10-årige skulen. Sidan er planen grundig diskutert og kritisert. Det er likevel interessant å sjå kva merkelappar som vert nytta for å skildra eleven - førestellingar om korleis ho er og korleis ho burde vera:

Det meiningssøkjande menneske

Det skapande menneske

Det arbeidande menneske

Det allmenndanna menneske

Det samarbeidande menneske

Det miljømedvitne menneske

Det integrerte menneske

Dei sju ideala blir også råka av den kraftigaste kritikken av planane: at dei er for ideelle og vidløftige. Og viss eg skal prøva å vera meir konkret, er det freistande å føreslå det kopierande menneske som eit åttande og meir realistisk, skildrande punkt. Eg meiner det kan ha mykje føre seg å vurdera ei slik innsikt, før ein går inn på dei 7 ideala over. Å kopiera eller imitera er i vår tradisjon sett på som noko negativt, noko ein skal unngå, for aller helst skal ein vera oppteken av det skapande og det kreative. Læreplanverket kan seiast å syna fram denne tendensen. Problemet er vel at mennesket langt på veg er imiterande, fordi det er funksjonelt innretta, og fordi det er minst motstand i ein slik veg. Men ein har ikkje alltid sett på kopiering og imitering som noko eintydig negativt. I den retoriske tradisjonen blei imitering av mønster og førebilete sett på som ein heilt nødvendig føresetnad for det kreative, for det å skapa noko nytt. På same tid er det negativt å berre kopiera. Såleis er tanken om det kopierande mennesket tosidig: på den eine sida kopiering som forblir ureflektert, og kopiering som kjelde til kreativitet på den andre. Det kopierande mennesket er såleis både eit trugsmål og eit potensiale. Forholdet mellom skole, lærar og elev kan tena som eit godt døme på dette.

Det kopierande mennesket kjem kanskje best til syne når det er snakk om teori. Spørsmål som gjeld teori avslører kva me trur på, ved at me grupperer emne i høve til teorien. Dei uheldige sidene ved det kopierande menneske syner seg til dømes når lærarar blir for opptekne av teori, når dei har kopiert for mykje utan å reflektera nok over praksis. På same måte er det uheldig å ikkje vera oppteken av teori, å tru at ein då er teorilaus. Standpunkt er noko ein har, anten ein vil eller ikkje, medan graden av refleksjon over standpunktet varierer.

Ein kan heller ikkje alltid reflektera over alt, og i det ligg det at mennesket ikkje er kreativt og nyskapande heile tida. Det er langt på veg naudsynt å kopiera haldningar og innsikter. Det er naudsynt for å kunna tenkja nytt, og litt banalt kunne ein seia at for å kunna tenkja nytt må ein først ha tenkt noko gammalt. Lærarar bør stadig tenkja nytt, sidan elevane og føresetnadene deira er vidt forskjellige alltid. Utfordringa er om dei klarer å gjera kopieringa til eit potensiale for den kreativiteten som skulekvardagen krev. Læraren sin veg er såleis ikkje så ulik eleven sin kunnskapsveg, med den skilnaden at læraren sjølv er eit førebilete for kva ungen skal ta til seg og vera kritisk til.

Teoriar er spanande. Ikkje fordi dei nødvendigvis er sanne, noko ein sjeldan kan seia (sikkert nok), men fordi teoriar både gir og tar mulegheiter for dei som nyttar dei. Det er når ein innser dette, at det kopierande menneske går frå å vera reint kopierande til å kunna utnytta kopieringa til å tenkja nytt. Vegar Hoel hadde ei førestelling for barn i kulturhuset i Stavanger under tittelen "Heilt sanne skrøner", der ungane var med og forma forteljingar som kunne ha vore sanne. Førestellinga kunne fint hatt undertittelen: "Kurs i vitskapsteori for ungar". For det er ikkje slik at teoriar er heilt sanne, og det er heller ikkje slik at forskarar er fritekne for å gå i feller som andre folk går i. Skilnaden er vel heller at gode forskarar veit kor storparten av fellene er. Vitskapshistoria er prega av at teoriar blir kopierte og vidareførte, og berre av til skjer det større, vesentlege endringar. Difor er ikkje forskarar først og fremst kjenneteikna ved å vera kreative, samstundes som kreativiteten nettopp utfaldar seg i det små, i ei nyansering, i ei oppdaging av noko som ikkje stemmer , og som vidare - når andre kopierer innsikta - kan bli grunnlaget for dei verkeleg store endringane; til dømes av eit verdsbilete. Slik sett er det på sin plass å laga visjonære planar om det skapande menneske - så lenge ein ikkje gløymer innsikta om Homo Xerox.


Veit me eigentleg kva lesing og skriving er?

USAs forsvarsminister Donald Rumsfeld vann i år den britiske Foot-in-Mouth-prisen for ei underlig utsegn på ein pressekonferanse. Prisen går til årets mest uklåre offentlege utsegn:

Han seier:

Meldinger som forteller at noe ikke har skjedd, er interessante for meg fordi, som vi vet, er det kjente kjente faktorer, det er ting vi vet vi vet", sa Rumsfeld og fortsatte:

Vi vet også at det er kjente ukjente faktorer, det vil si at vi vet at det er noen ting vi ikke vet. Men det er også ukjente ukjente faktorer, de vi ikke vet at vi ikke vet.

Språkeksperten John Lister kommenterte utsegna slik: Vi tror vi vet hva han mener, men vi vet ikke om vi virkelig vet.

Festleg? Eg likar slett ikkje Donald Rumsfeld, men eg tykkjer faktisk det er knakande godt sagt. Men det har kanskje med at det liknar stygt på noko eg sjølv har skrive i avhandlinga mi..... Tittelen på dette innlegget har jo spor av Rumsfeld sine vendingar i seg: 'veit me eigentleg kva lesing og skriving er?'

For å komma til poenget: Viss me tenkjer oss at me har ein tråd som me bind saman i endane. Då har me eit leikety. Men denne tråden finst (fanst) det eit tidsfordriv blant ungar der ein skal laga eit mønster med hjelp av tråden og fingrane på båe hendene. Så viss eg held fram tråden, skal leikekameraten min gripa tråden på ein ny måte, og laga eit nytt mønster. Nå trur de sikkert at eg har spora av og at eg heller skulle ha skrive til Norsk Barnemuseum for å snakka om barneleiker frå før i tida, men nei. Dette handlar om lesing og skriving.

Når du ser på mønsteret mitt, bestemmer du deg for korleis du vil gripa det an, og så tek du eit nytt mønster. Tråden er det same, men mønsteret er annleis. Det er såleis mogleg å gripa denne tråden an på svært så forskjellige måtar. Når me har laga mange forskjellige mønster, kjem det vanskelege spørsmålet: kva for eit mønster er best? Det er eit kjempedumt spørsmål. Det er Tommy-ball. Kjenner de forresten leiken Tommy-ball? Det er frå teikneserien Tommy og tigeren, der Tommy sparkar ball og stadig diktar opp nye reglar etter som kampen går. Tommy-ball er leiken der dei involverte ikkje veit kva reglar som gjeld. Spørsmålet om kva mønster som er best, er kjempedumt så lenge ein ikkje har snakka om kva reglar som gjeld for leiken, eller kva hensikt leiken har - om ein skulle laga figurar eller størst mogleg vase. Mykje av diskusjonen om lesing og skriving i dag, er prega av Tommy-ball, av dette meiningslause spørsmålet om kva mønster som er best utan at ein har definert kva det skal handla om.

Aftenbladet skriv på leiarplass 7. september 2004 at "forskningen har størst verdi når den fører til resultater som er anvendbare i hverdagen". Det er tøys å seia slikt, og dessutan altfor defensivt. Kvifor? Fordi både god og dårleg fundert forsking fører til resultat som blir anvendt i kvardagen..... Difor finst det ein eigenverdi i å prøva å finna ut kva ein held på med, ikkje minst på eit 'nyskapingsuniversitet'.

Når det gjeld lesing og skriving, har desse to ferdigheitene blitt studert kvar for seg, og teori er bygd kvar for seg. Ein har med andre ord leika denne trådleiken i to forskjellige miljø, og langt på veg har det vore Tommy-ball både innan studiet av lesing og innan studiet av skriving. Men om desse to miljøa hadde leika litt meir i hop, ville dei kanskje oppdaga at tråden dei leikar med er den same, og kanskje ville ein oppdaga at dei mønstra som ein plukkar er for tilfeldige....

At det er slik, viser dei nasjonale prøvene, som blir laga heilt isolert av kvarandre. Det skal eg ikkje seia meir om her.

Eit anna døme er sidemålsdebatten, og spørsmålet om korleis ungar lærer seg eit sidemål. Er det til dømes viktig å ha lest sidemålet for å kunna skriva det? Elevane i Oslo får ikkje massiv teksterfaring i sidemålet sitt frå første klasse. Når dei kjem til ungdomstrinnet blir dei forsøkt lært nynorsk på ein meir konservativ måte enn Lille Marius lærte latin. Det er jo ikkje rart ungdomane har det vanskeleg - Lille Marius døydde jo av det. I tillegg skal nå opplæringa i sidemålet - som er ei skriftnorm - gjerast munnleg (!) Nokon som har høyrt om munnlege skriftnormer? Dette er både til å le og grina av. Eg har tenkt å nominera byrådet i Oslo til Foot-in-Mouth-prisen for dette. Om dei kan konkurrera med Donald Rumsfeld, er usikkert, men dei bør kunna kapra andreplassen. Den har førebels Arnold Swarzenegger med utsegna: 'Jeg mener at homofile ekteskap er en ting som må være mellom en mann og en kvinne'. Sidemålsdebatten i Oslo er eit døme på eit forvirra syn på samanhengen mellom lesing og skriving - og på innlæringa av skriftspråk. Det er Tommy-ball på sitt beste.

Og for å bli i tråd-metaforen:

Dersom tråden er den same, dvs at lesing og skriving heng grunnleggjande saman, må me spørja oss kva forskingsleiken vår skal handla om. Eg meiner at ein av dei mest interessante leikane me kan leika nå, er leiken: kvifor meistrar mennesket skrift?

Og viss ein har fastsett kva leiken skal handla om, får det innverknad på dei mønstra ein vel. Lesemiljøet og skrivemiljøet vil truleg ikkje bli samde om eit mønster som gjeld for båe dugleikane, men dette vil vera ein fruktbar krangel sidan dei i det minste vil vera samde om kva leiken skal handla om. Det som er ganske sikkert, er at det vil endra korleis me definerer lesing og korleis me definerer skriving.

Før de las dette, visste de kanskje ikkje at de ikkje visste, men nå veit de at de ikkje veit.

Og eg trur at eg veit at eg veit at me ikkje veit.....


januar 2007
ma ti on to fr
1 2 3 4 5 6 7
8 9 10 11 12 13 14
15 16 17 18 19 20 21
22 23 24 25 26 27 28
29 30 31
hits