Namnet skjemmer ingen (som ikkje er skjemt frå før)
Har du nokon gong hatt kjensla av at du veit kva folk heiter - eller burde heita?
'Halvor', til dømes, er ein kraftig, hårete plugg som juksar i landhockey
'Iseling' er ein spinkel jente på 19 år (uansett alder) som er kokkelærling og alltid har 10 malboro light (ikkje 20) i lomma i tillegg til flexikort på bussen.
"Mr Vegvesen, have a nice stay"

Eg skulle sjekka inn på Motel 6 i San Diego for eit par år sidan, og leverte frå meg førarkortet som identifikasjon. Dama i skranken kikka på meg nokre gonger og så ned på førarkortet att. Og eg tenkte at: eg har jo ikkje så smale skuldre. liksom. Så fekk eg kvitteringa.
Som førenamn stod det: statens.
Og som etternamn stod det: vegvesen.
På eit førarkort er det ikkje så vanskeleg: namn og etternamn står jo øvst.
Men her har dama kikka nedover lista etter noko som passa til fyren framfor disken. Og då måtte ho dessverre heilt ned til Statens vegvesen.
Mr Statens Vegvesen.
Men her har dama kikka nedover lista etter noko som passa til fyren framfor disken. Og då måtte ho dessverre heilt ned til Statens vegvesen.
Mr Statens Vegvesen.
"Mr Vegvesen, have a nice stay"
Kommentarer:
Postet av: Trine
Hei, PH!
Har ofte lurt på hvor du ble av etter at du forlot oss "arme studenter" i Egersund. Nå ser jeg hva du er opptatt med på fritida! Flott side, med mye humor!
Stå på!!!