Kvifor regnar det frå lyktestolpar?
Om morgonen når eg skal på jobb og først levera ungar i barnehagen, fortonar det seg som ein heimevernsøvelse, dvs mykje venting, litt sutring og store mengder utstyr som er sporlaust vekke. Her i førre veka hadde eg fått ungar, sekkar og dressar inn i bilen og alt var klart, så bakka eg over veska med den heilt nye, bærbare og svært dyre PC-en min. Slik er livet. Det var ein av desse regnfulle, mørke morgonane. Så spør guten min frå baksetet: ?kvifor regnar det frå lyktestolpar??. Det er lett å leita fram den fysiske forklaringa om ?vanndamp opp i skyene, blir tungt, dett ned, lys i gatelysa, regnar forbi?. Men det var jo eigentleg ikkje det han spurte om, men ?Kvifor regnar det frå lyktestolpar?? Det er faktisk noko av det mest poetiske eg har høyrt på lenge. Det er då ein får slike glimt av at det er noko språkleg mellom himmel og jord - noko meir enn namnelappar på nakne fakta.
Me likar jo til dømes å tru at namn er noko folk får heilt vilkårleg - av reint praktiske omsyn.
I deler av landet der ein har hatt ein sterk oppkallingstradisjon, var det viktigast kven ein heitte etter. Der var det slik at ein kalla opp etter eit fast mønster. Og i område med slik tradisjon var det heller ikkje så stor variasjon i namna. Du kan ikkje berre kalla ungen din Yvonne eller Cato. Tenk deg følgjande situasjon: Eldste guten måtte kallast opp etter farfaren som heitte: Ola, nest eldste guten måtte kallast opp etter etter morfaren som heitte: ?Ola, og var ungeflokken riktig stor - og bingolukka endå større ? skulle tredjemann jf mønsteret kallast opp etter ein morbror, og som heitte: Ola. ?Her er dei tri gutane mine, store-ola, litle-ola og ola-ola. ?
Då eg fekk den første ungen spurte ein kamerat meg om kva han skulle heita:
- Han heiter Åsmund, seier eg
- Typisk deg.
Og når eg kalte andremann for Olav
- du tulle?
- Nei, eg tulle ikkje, seier eg
- Tredjemann skal vel heita Vinje, då?
Namnet skjemmer ingen, seier dei.
Det er mange som ler av oss frå Vestlandet ? gjerne når me seier kva me heiter. Spesielt ler dei viss eg kjem til å nemna onkelen min: Henning Øyvind. Eller onkel Henning Øyvind som eg alltid har kalla han. Kva er det som er så merkeleg med det? Det er jo eit heilt vanleg namn:
Per Henning, Kjell Inge, Sindre Mikal, Leif Edvard, Trond Egil, Odd Ragnar, David Alexander, Åse Kari, Oddny Judith, Leif Kjetil, Jon Kjetil, Arne Olav, Dag Ottar og Frode Gerhard.
Ja, ja, la dei le, sjølv om det ikkje er noko festleg i dette. Eg skal heller fortelja om då eg traff den svogeren min. Og me presenterte oss.
- Hei, eg heiter PerHenning, og du?
- Tom
- ja.....
- Hm...
- ja...kva meir....?
- nei, ....Tom
- eg meiner, er det Tom Atle, Tom Frode, Tom Kåre eller Tom Per du. ?Herlighed for ei kneda hu har fått fatt i, han ha det inn med teskei, dennher fyren...
- Nei bare Tom.
- Bare Tom? Bare, bare Tom. Eg visste ikkje kva eg skulle seia, Det var faktisk ganske ekkelt.
- Hadde det nå i det minste vore to stavingar. Tore, Trygve , då er du liksom på veg mot noko. Eller Ove. Apropos Ove, viss du ser Tom i bar overkropp, så har han eit hjarta med ei pil gjennom der det på eit banner under der det skulle stå ?love?. Men det står ove, og det er fordi L?blei så dårleg, at du må vera spesialpedagog for å finn?an.
Nei, det blir for blodfattig. Du kan ikkje heita Tom og le av dei som har lange dobbelnamn. Tenk på fordelen. Har du eit dobbelnamn av eit skikkeleg kaliber og kan skriva det, så har du jo vore gjennom halva alfabetet. Mens Tom fortsatt lurer på kva ein bokstav er.
Mange vurderer bibelske namn til ungane sine.
?Ho skal heita Sara? meinte han
?Nei, det e altfor bibelsk? meinte ho
så kalla dei henne Maria.
Namnet skjemmer ingen, blir det påstått.
Men kvifor er det då så få melkisedek, sjadrak, ananias, kvirinius og habbakuk?ar?
Det hadde vore noko, i staden for å ha tre som Katrine med C,katrine med K, tre katrine med Ch, at ein hadde tre melkisedek, dvs Melkisedek med to d?ar, Melkisedek med ch og Melkisedek med ck.
Det er forresten ikkje så mange som heiter Kåre, heller, når eg tenkjer meg om. Kåre er ut.
Det er jo litt pinleg viss ein meiner at namnet ikkje skjemmer nokon.
I ukebladene er det jo slike spørrespalter der du kan spørja vise gamle damer om slikt ein ikkje torer å spørja andre om. Me kunne jo tenkja oss ei annonse som:
Kjære Stella,
Jeg heter Kåre, er det normalt?
Slik vil ein jo ikkje finna i dag. I staden kan ein gå inn på nettet til statistisk sentralbyrå og finna at dersom du er ung og heiter Kåre, er det heilt unormalt. Og så er det mogleg å få endra namnet sitt, til dømes til Marcus ? Marcus med C.
Då eg gifta meg, tok eg namnet hennar ? ja, ja etternamnet altså.
Eit stund seinare arbeidde eg på anlegg og møtte Ali, han som hadde vore bas frå førre anleggsperiode.
- ?Hei Ali, hugsar du meg att?? Han gjorde ikkje det.
- ?Hva hete do??
- ?Pedersen heitte eg då, men eg heiter Uppstad nå?.
- Så kikkte han på meg: ?Nai, Fytte gris, do ta namn til kjerringa??
Namnet skjemmer ingen seier dei. og det var ikkje det at eg var så veldig skjemt, men det var heller ikkje så lett. Etter eit nattskift, blei eg vekt av telefonen. Eg leitte fram telefonen i ørska.
Så fekk eg fullstendig jernteppe.
Det er jo vanleg å seia etternamnet sitt når ein tek telefonen, har eg lært.
Men eg kunne ikkje komma på det.
Eg hadde gløymt kva eg heitte.
Eg hadde eit svakt minne om at det var eit eller anna på U, men det var òg alt.
?hallo? svara eg etter ei lang stund.
Den afrikanske diktatoren Josef Desiré Mobuto skifta òg namn. Ikkje i samband med giftarmål, men då han svinga seg opp politisk. Han kalla seg i staden: Mobutu Sese Seko Kuku Ngbendu wa za Banga "Den allmektige krigaren som på grunn av sin utholdenhet og urokkelege vilje til å vinna, vil gå frå erobring til erobring og etterlata seg flammar i sitt kjølvatn" .
Det var då eg innsåg at mi endring ikkje var å ta for hardt i.
Det er noko språkleg mellom himmel og jord - noko meir enn reine namnelappar på nakne fakta. Som når eg høyrde ein radioreportasje om Afghanistan under taliban-tida, eg måtte stoppa bilen for å skriva det ned: ?Ministeren i departementet for dydens fremme og ondskapens bekjempelse?. Det er interessant med slike språklege konstruksjonar, som når informasjonsdirektøren på HiS har fått tittelen ?Strategi- og kommunikasjonsdirektør?. Det er ikkje lenge før me innafor offentleg sektor kjem til å sjå tittelen ?Sjefen for dei gode tidene?.
Slike språklege konstruksjonar er ikkje så ulikt spørsmålet om kvifor det regnar frå lyktestolpar.
På leikegolvet spør Åsmund
?Og så sette eg bilen her i ein ærbødig stilling?
-?ærbødig stilling? kva meiner du?
-?Han ska stå her i ein ærbødig stilling?
?kor har du høyrt det??
?I Donald, når han blir brannmann?
?Åja, men det betyr at han har fått ein fine jobb?
?Nei?
?Jo, det er brannsjefen som gir han ein god jobb?
?Nei, bilen ska stå i ein ærbødig stilling?
Og slik held det fram.
Og etter ein slik dag seier han i bilen.
?Pappa, eg finne på møje tull, men eg gjørr i allefall jobben min?
Kor har han dette frå? Eg har aldri sagt noko slikt. Og meine han at eg ikkje gjørr jobben min?
?Ka e jobben din, då?? spør eg
Det e å gå i barnehagen, lega, og grava i sanden?
Og eg lurar på, er spørsmål som ?kvifor regnar det frå lyktestolpar? del av tullet eller del av jobben?
Eg trur det er ein del av jobben. Min jobb altså.