Veit me eigentleg kva lesing og skriving er?
USAs forsvarsminister Donald Rumsfeld vann i år den britiske Foot-in-Mouth-prisen for ei underlig utsegn på ein pressekonferanse. Prisen går til årets mest uklåre offentlege utsegn:
Han seier:
Meldinger som forteller at noe ikke har skjedd, er interessante for meg fordi, som vi vet, er det kjente kjente faktorer, det er ting vi vet vi vet?, sa Rumsfeld og fortsatte:
Vi vet også at det er kjente ukjente faktorer, det vil si at vi vet at det er noen ting vi ikke vet. Men det er også ukjente ukjente faktorer, de vi ikke vet at vi ikke vet.
Språkeksperten John Lister kommenterte utsegna slik: Vi tror vi vet hva han mener, men vi vet ikke om vi virkelig vet.
Festleg? Eg likar slett ikkje Donald Rumsfeld, men eg tykkjer faktisk det er knakande godt sagt. Men det har kanskje med at det liknar stygt på noko eg sjølv har skrive i avhandlinga mi..... Tittelen på dette innlegget har jo spor av Rumsfeld sine vendingar i seg: 'veit me eigentleg kva lesing og skriving er?'
For å komma til poenget: Viss me tenkjer oss at me har ein tråd som me bind saman i endane. Då har me eit leikety. Men denne tråden finst (fanst) det eit tidsfordriv blant ungar der ein skal laga eit mønster med hjelp av tråden og fingrane på båe hendene. Så viss eg held fram tråden, skal leikekameraten min gripa tråden på ein ny måte, og laga eit nytt mønster. Nå trur de sikkert at eg har spora av og at eg heller skulle ha skrive til Norsk Barnemuseum for å snakka om barneleiker frå før i tida, men nei. Dette handlar om lesing og skriving.
Når du ser på mønsteret mitt, bestemmer du deg for korleis du vil gripa det an, og så tek du eit nytt mønster. Tråden er det same, men mønsteret er annleis. Det er såleis mogleg å gripa denne tråden an på svært så forskjellige måtar. Når me har laga mange forskjellige mønster, kjem det vanskelege spørsmålet: kva for eit mønster er best? Det er eit kjempedumt spørsmål. Det er Tommy-ball. Kjenner de forresten leiken Tommy-ball? Det er frå teikneserien Tommy og tigeren, der Tommy sparkar ball og stadig diktar opp nye reglar etter som kampen går. Tommy-ball er leiken der dei involverte ikkje veit kva reglar som gjeld. Spørsmålet om kva mønster som er best, er kjempedumt så lenge ein ikkje har snakka om kva reglar som gjeld for leiken, eller kva hensikt leiken har ? om ein skulle laga figurar eller størst mogleg vase. Mykje av diskusjonen om lesing og skriving i dag, er prega av Tommy-ball, av dette meiningslause spørsmålet om kva mønster som er best utan at ein har definert kva det skal handla om.
Aftenbladet skriv på leiarplass 7. september 2004 at ?forskningen har størst verdi når den fører til resultater som er anvendbare i hverdagen?. Det er tøys å seia slikt, og dessutan altfor defensivt. Kvifor? Fordi både god og dårleg fundert forsking fører til resultat som blir anvendt i kvardagen..... Difor finst det ein eigenverdi i å prøva å finna ut kva ein held på med, ikkje minst på eit 'nyskapingsuniversitet'.
Når det gjeld lesing og skriving, har desse to ferdigheitene blitt studert kvar for seg, og teori er bygd kvar for seg. Ein har med andre ord leika denne trådleiken i to forskjellige miljø, og langt på veg har det vore Tommy-ball både innan studiet av lesing og innan studiet av skriving. Men om desse to miljøa hadde leika litt meir i hop, ville dei kanskje oppdaga at tråden dei leikar med er den same, og kanskje ville ein oppdaga at dei mønstra som ein plukkar er for tilfeldige....
At det er slik, viser dei nasjonale prøvene, som blir laga heilt isolert av kvarandre. Det skal eg ikkje seia meir om her.
Eit anna døme er sidemålsdebatten, og spørsmålet om korleis ungar lærer seg eit sidemål. Er det til dømes viktig å ha lest sidemålet for å kunna skriva det? Elevane i Oslo får ikkje massiv teksterfaring i sidemålet sitt frå første klasse. Når dei kjem til ungdomstrinnet blir dei forsøkt lært nynorsk på ein meir konservativ måte enn Lille Marius lærte latin. Det er jo ikkje rart ungdomane har det vanskeleg ? Lille Marius døydde jo av det. I tillegg skal nå opplæringa i sidemålet ? som er ei skriftnorm ? gjerast munnleg (!) Nokon som har høyrt om munnlege skriftnormer? Dette er både til å le og grina av. Eg har tenkt å nominera byrådet i Oslo til Foot-in-Mouth-prisen for dette. Om dei kan konkurrera med Donald Rumsfeld, er usikkert, men dei bør kunna kapra andreplassen. Den har førebels Arnold Swarzenegger med utsegna: 'Jeg mener at homofile ekteskap er en ting som må være mellom en mann og en kvinne'. Sidemålsdebatten i Oslo er eit døme på eit forvirra syn på samanhengen mellom lesing og skriving ? og på innlæringa av skriftspråk. Det er Tommy-ball på sitt beste.
Og for å bli i tråd-metaforen:
Dersom tråden er den same, dvs at lesing og skriving heng grunnleggjande saman, må me spørja oss kva forskingsleiken vår skal handla om. Eg meiner at ein av dei mest interessante leikane me kan leika nå, er leiken: kvifor meistrar mennesket skrift?
Og viss ein har fastsett kva leiken skal handla om, får det innverknad på dei mønstra ein vel. Lesemiljøet og skrivemiljøet vil truleg ikkje bli samde om eit mønster som gjeld for båe dugleikane, men dette vil vera ein fruktbar krangel sidan dei i det minste vil vera samde om kva leiken skal handla om. Det som er ganske sikkert, er at det vil endra korleis me definerer lesing og korleis me definerer skriving.
Før de las dette, visste de kanskje ikkje at de ikkje visste, men nå veit de at de ikkje veit.
Og eg trur at eg veit at eg veit at me ikkje veit.....