Om elefantar i lese- og skrivevitskapen
Filosofen Arne Næss viser i boka 'Hvilken verden er den virkelige?' til parabelen om elefanten og dei blinde si skildring av han. Nokre fekk tak i halen og andre øyrene, men sams for dei alle var at dei på kvar si side tok det for å vera heile elefanten. Næss sitt poeng er at skildringane supplerer kvarandre og at dei langt på veg er korrekte, men at dei alle er ufullstendige. 'De gir seg ad med å diskutere ut frå hvert sitt delsystem, hver sin del-elefant, som om det var hele elefanten de hadde for øye'.
Det blir i desse dagar utarbeidd nasjonale prøver for lesing og skriving. Oppdraget er politisk og ulike fagmiljø i Noreg har tatt på seg å utføra dette oppdraget.
I forskingsmiljøa kan debatten om lesing og skriving i skulen seiast å vera prega av at norskfaglege miljø og spesialpedagogiske miljø er usamde om kva fagfelt som best kan gi svar på kva lesing og skriving er. Dette kan ved første augnekast likna ein fruktbar debatt der det blir stilt spørsmål ved etablerte sanningar. Går ein nærare inn på diskusjonen, blir det tydeleg korleis standpunkta manglar eit blikk for at studieobjektet er større enn det fagfeltet ein sjølv høyrer til.
Det mest urovekkjande - og minst diskuterte - ved det politiske oppdraget er at me får to prøver som er uavhengige av kvarandre - ei i lesing og ei i skriving. Prøvene blir laga på vidt forskjellig teoretisk grunnlag, og ingen har vist om eller korleis resultata frå dei to prøvene kan relaterast til kvarandre. Dette er påfallande sidan både lesing og skriving gjeld mennesket si meistring av skrift. Ein kan nok seia at dei folkevalde har handla i god tru, ettersom lesing og skriving vanlegvis blir studert kvar for seg i nasjonale og internasjonale forskingsmiljø. Samanhengen mellom lese- og skrivedugleikar er sjeldan eller aldri grundig undersøkt. Dette har fleire uheldige sider. For det første blir grunnlaget for å diagnostisera og behandla lese- og skrivevanskar einsidig. For det andre kan omgrepa som ein nyttar bli meir overflatiske. For det tredje, dersom ein ikkje studerer desse dugleikane i samanheng, vil ein ikkje komma noko lenger i teoriutviklinga om samanhengen mellom lesing og skriving. Dette vil hindra nyskapande forsking og pedagogikk som gjeld lesing og skriving.
Det er ikkje vanskeleg å skjøna at nasjonale prøver primært blir laga med pedagogiske og politiske mål for auget. Men det er vanskelegare å skjøna at ein ikkje i større grad har nytta høvet til å gjera ny og grunnleggjande forsking. Eg siktar ikkje berre til ei djupare forståing av sambandet mellom dei to dugleikane. Eg trur òg ein kunne få eit betre tilhøve mellom pedagogisk forsking og praksis. Ideelt sett bør det vera ein vekselverknad mellom desse. Teorien må justerast etter praksis og praksis må justerast etter teorien. Det vil seia at teorien og praksisen må vera i stadig endring. Slik kan ein gradvis nærme seg sanninga og dei instrumenta eller metodane som best viser oss røyndommen.
Ein professor i medisin sa ein gong at dersom ein finn den rette definisjonen på kreft, vil ein også klara å lækja alle sjukdommar med denne diagnosen. Den same tenkjemåten kan nyttast når det gjeld avhjelping av lese- og skrivevanskar. Ei av dei viktigaste oppgåvene er å få betre definisjonar av desse dugleikane. Betre definisjonar er òg naudsynt for å laga betre testar. Betre definisjonar vil òg avklara samanhengen mellom lesing og skriving. God empiri krev god teori - og motsett. Ei god forståing av sambandet mellom lesing og skriving er viktig for effektiv førebygging og avhjelping av lese- og skrivevanskar. Tiltak på det eine området kan understøtta tiltak på det andre området. På dette området kan ein òg få erfaring og innsikt som kan fremja den første lese- og skriveopplæringa.
http://www.lukxi.org/wallpaper
Buona fortuna con il vostro luogo. E abbastanza nice=) http://www.lukxi.org/musica-gratis
Buona fortuna con il vostro luogo. E abbastanza nice=) http://www.lukxi.org/musica-gratis
http://www.italyi.org/fontana
http://www.italyi.org/fontana
http://www.erotixv36.org/napoli
http://www.erotixv36.org/napoli
http://www.erotixv36.org/bambini
http://www.erotixv36.org/bambini
http://www.erotixv36.org/musica-gratis
http://www.erotixv36.org/musica-gratis