Krigen om englane
Me likar å gå rundt juletreet. Og me går lenge rundt julatreet. Faktisk går me frykteleg lenge rundt juletreet heime hos oss.
Mitt hjerte alltid vanker. Einerbærbusk. Deilig er jorden. - for den kan svoger Henrik ein basstemme på og eg ein annan, men dei passar ikkje i hop. Derfor blir det aldri heilt fint. Viss berre ein av oss hadde gitt seg, så hadde det blitt kjempefint. Men det er ingen som gir seg. Aldri. Det er berre på eitt punkt me må gi oss, det er når pappa tek til med No koma Guds englar. Bevares, det er ein nydeleg song. Men pappa veit at det ikkje er nokon andre som kan han. Og så syng han med ein sånn ein ertestemme ?nini, nini, ni,ni?. Vemmeleg er det. Det er like ufordrageleg som når han fis når me er ute og handlar. Det er ingen som fis styggare enn far min. Då er han verkeleg ufin ? då, og når han syng ?No koma Guds englar? rundt juletreet. Så går me der som nokre nek, tolv-femten mann mens han syng ertande om englane, og me går og snoflar rundt treet og tenkjer på mandariner og kva som ligg i dei pakkane me svirrar rundt. Det merkelege er at ungane ikkje skrik, dei er vel så overraska over bestefaren som går der og syng ertesong for seg sjølv - og over dei 12-15 andre som går og ser ut som dei har tapt i Ludo.
Det var i fjor at me bestemte oss for at sånn kunne det ikkje vera. Me bestemte oss for å ta han - på sjølvaste julafta. Og me tenkte å slå til på den gammel-testamentlege måten: auge for auge, tann for tann. Det er det som i ettertid er blitt kalt krigen om englane.
Så til å øva. Og me pugga salmevers. No koma Guds englar har åtte vers, men det var ikkje så lett som det kan høyrast ut. Sangen er så tettpakka av metaforar at me stadig tok feil. Sangen er stappa med bibelhistorie. Det kjennest som du har heile nye og gamle testamentet på åtte små vers. Eg trur Blix må ha laga han mens han stod og stappa pølser. Under øvinga var det ikkje få kjetterske forteljingar som kom etter samanblanding av historier og metaforar. Det var til dømes ikkje Sakkeus David drap med slynga, og det var heller ikkje Pontius Pilatus I hvalfiskens buk. Siste øvinga hadde me på badet like etter at me hadde vore i kyrkja på julafta. Krigen om englane var farleg nær, og me var heilt kokte i hovudet av desse englane og halve bibelhistoria som fulgte med. Ingjerd heldt på å spy, og Ragnhild tykte me tok dette litt vel alvorleg. Me stod der fire stykk og banka gjennom vers etter vers med innbitt mine: babam ba, babam ba, babam ba, ba ba. Sidan Berit har så grassat med ungar, hadde ho hatt litt lite tid til å øva, men ho tok det att med kroppsleg iver. Ho såg steike galen ut, vill i blikket mens ho song mer om ?na, na, na, na? enn om ?Isais stuv der livskvisten spring fager og mogen?. Eg var halvredd henne. For ikkje å seia for henne. Ragnhild var den som tok dette profesjonelt, ho song med sjølvsagt presisjon og drog på akslene av Galne-Berit og dei to andre som stod og ni-stirra ned i ei salmebok og dundra monotont på eit konservativt nynorsk. Lite julefred å ana der og då. Så gjekk me med vår grusomme plan og spiste pinnekjøt og hadde det riktig triveleg. Me fire kikka på kvarandre og smilte lurt, eigentleg var me så fokuserte på krigen om englane at me ikkje heilt klarte å nyta middagen. Brått såg eg at Ingjerd hadde spora av, ho sat med opne auge og stirra inn i kålrabistappa mens ho pikka takten på kanten av tallerken. Babam ba, babam ba, babam ba, ba, ba.
Så var me endeleg på scenen. Rundt treet med heile bøtteballetten. Og me var klar. Deilig er jorden. Korkje Henrik eller eg firte. Stygt og kjekt var det. Mitt hjerte alltid vanker. Einerbærbusk, Så seier pappa at han har lyst på kaffi? Me ser på kvarandre og lurar på: kven er forrædaren? Nei, me må kunne ikkje gi oss nå. Eg dunkar i mamma, så ho kan få han på sporet. Eg tenkjer forundra: har han verkeleg hatt vit til å slutta med dette heilt av seg sjølv? Og kva med englakrigen vår? Det går så langt at mamma må spørja om han ikkje skal syngja No koma Guds englar.
Ingjerd er allereie heilt raud i toppen i frykt for at alt skal gå i vasken. Nei forresten ho blir aldri heilt raud, men knall raud med kvite felt, ja nesten som ein fluesopp - som seier ?trø meg inkje for nære?. Nei då kviknar han til, og me er i gang. Eg kjenner eg syng litt for høgt på første verset. Han kikkar litt forvirra på oss i augekroken over at me syng med, men dette er elementært.
No koma guds englar med helsing i sky
Guds fred og velsigning dei bjoda
No stig I frå jordi ein helgasong ny
Som skal gjennom himmelen ljoda
Guds fred og vel møtt
Du barn som er født
Guds fredsfyrste høgt vere lova.
Me dreg kort pusten etter siste tone, og er rett i gang med andre verset. Pappa har forma munnen, men får ikkje lyd før ut i andre takten. Guds englar var visst i farten i år? Ingjerd er som eit lokomotiv, ingen ? ingen ? kan stoppa henne frå å syngja desse versa.
Til frelsa den fyrste er kåra og krynd
og komen til løysing og lukka
For menneskeborn som er fødde i synd
Og alt uti vogga må sukka
Guds fred med dei små
Som honom fekk sj!
Vår fredsfyrste høgt vere lova.
Før verset er ferdig, ser eg på han at han leiter etter tredjeverset. Det gjeld å koma på rett spor, eller på rett metafor. Viss ikkje, så har du tapt. Det er som svigerfar seier om Sesilåmi: det du taper i starten, det tek du aldri att. Men Ingjerd og Ragnhild held koken. Ragnhild går og sullar seg sjølvsikkert gjennom heile verset, som om dette berre var slik det skulle vera, og ikkje det at me her held på å vinna krige om englane midt på julafta. Kva ungane tenkjer I år, skal vera uvisst, dei skjønar i alle fall at det er noko som skjer, for det er ikkje den ruslande turen rundt treet, men meir ei målbevisst trasking, meir som ein pålagt utmarsj, der ingen får lov å gi seg. Der ser eg at har han funne starten, men det har ikkje eg. Men det gjer ikkje noko. Avtalen er at Ingjerd har ansvaret for å dra fram til halvgått løp, så skal eg leggja meg først i løypa og spora oss inn på den rette metaforen i dei siste fire versa. Pappa har fått tilbake ertetonen, han trur han skal få til eit rykk i motbakken i tredjeverset. Tredjeverset er alltid vanskeleg, sjå berre på Ja vi elsker. Det er ingen som kan tredjeverset, kan du skjøna.
Me kan. Og Ragnhild denne gongen, tek ei finte og droppar den halve takten mellom versa og durer rett på tredjeverset utan å puste. Også her kjem pappa inn på andretakten, sjølv om han har orda klar. Og me voffar I veg.
I djupaste mørker vart himmlen klår
Då stjerne av Jakob seg viste,
I hardaste vetter det grønkar som vår,
Og fagraste knupp spring av kviste
Guds fred og god jol
Med sumar og sol!
Vår fredsfyrste høgt vere lova
Fjerdeverset er det ingen som kan - bortsett frå oss då. Det er fristande å leggja inn pausane som me hoppa over mellom dei føregåande versa. Men me har det travelt, me er ikkje så ofte innblanda i slike englekrigar at me torer å unna oss ein aldri så liten pause. Men det er mamma som startar fjerde verset, med ei sterk nynning. Ho har ikkje øvd, men det har jo ikkje Berit heller, men lyd, det lagar dei. Ingjerd spikrar metaforane med overtydeleg artikulasjon. Det er ikkje mykje song frå hennar kant. Svogeren min går og nynnar ein ters over alle oss andre, medan det eigentleg berre er Ragnhild som driv med noko som kan kallast song. Det eg og Ingjerd gjer, liknar meir å ropa ut oppslag frå ei bibelordbok.
Der ute er jordi so isende kald
Og trei stend svarte I skogen
Men Isai stuv som til frelsa er vald
Skyt livskvisten fager og mogen
Guds fred med den tein
Av grønkande grein
Vår fredsfyrste høgt vere lova
Det er ein utmarsj med utprega nynning, ein overstemme to ordbokslesarar, ein songar, og ein som etterkvart er blitt litt spakare, og som berre syng med på nokre av orda. ?Vi har ham nå?
Berit har fått den same kroppslege iveren som ho hadde under øvinga på badet tidlegare på kvelden. Det er eit skremmande syn. Mannen hennar ristar på hovudet og tek med seg dei to ungane så dei ikkje skal sjå mora medan ho syng ?na, na, na, na, na? av full hals til ein julesong rundt treet. Når eg ser Berit i det humøret så tenkjer eg berre: ?det er ikkje noko å vera redd for, det er berre film?. Så kjennest alt så trygt. Og så e det min tur til å dra, eg skal vera ankermann herfrå og i mål
No stjerna frå Bethlehem lyser om land
Frå høgsal til armaste hytta
Det ljosnar så vent over dalar og strand
Der inn hennar strålar få glytta
Guds fred over mold
Vår sol og vårt skjold
vår fredsfyrste høgt vere lova
For å ikkje gå feil, har eg lagt opp min eigen strategi. Eg let heile den kompakte bibelhistoria passera ? ikkje i revy ? men iflannelograf. For kvart av dei fire siste versa har eg inni meg lagt fram filtfigurar i rett rekkefølge for at historia skal komma fram. Og det du har sett på flannelograf det gløymer du aldri. Det var mitt hemmelege våpen i krigen om englane ? og det kunne ikkje slå feil.
No ljodar ein lovsong frå alle Guds born
På alle folks tunger dei kveda!
So vide som klokkene tima frå tårn,
Stig tonar av hugnad og gleda.
Alt kling som I kor: Guds fred yver jord!
Vår fredsfyrste høgt vere lova.
Her var me inne i ein vanskeleg del av løpet . Me snofla oss framover og sjølv hugsa eg berre fraser, men ikkje kva rekkefølge dei skulle stå i. Men me kunne litt kvar og fylte tomromma med nynning. Sidan me var mange ? og han berre ein ? så framsto det frå når side noko som totalt sett likna unison, melodiøs støy. Frå pappa kom det toppen eitt ord per verselinje om lag som når Geir syng Elvis etter hukommelsen, eller når Mister Bean berre syng med på Halleluja. I neste motbakke, tenkjer eg??
Lat gjetordet ganga frå grend og til grend
Så vide som tunga kan mæla
Om Sonen som er oss frå himmelen send
All verdi til siger og sæla
Syng ut I kvar bygd
Guds fred ifrå høgd
Vår fredsfyrste høgt vere lova
Innspurten er godt i gang, og eg har hengt opp filtfigurar på min indre flannelograf nok bibelhistorier til eit heilt semester i sundagsskulen. Men allereie nå kan eg konstatera at krigen om englane er vunnen. I løpet av sjuande verset kom det ikkje ein tone, ikkje eit ord frå den årvisse erte-engelen. Det ser ud så han blei litt rørt òg. Det er ein god tapar. Det er berre ein ting som er verre enn dårlege taparar, og det er dårlege vinnarar. Og nett det stod me i fare for å bli, såpass på krigsstien som me var. Mesteparten av sjuande verset brukte me til å bremsa kraftig opp, å køyra alle motorane i revers. Ingjerd senka akslene og hadde ikkje lenger ei så militær framtoning. Til og med Berit såg litt harmonisk ut når siste tonen på verset seig ut. Mannen hennar kikka inn frå gangen for å vurdera om han torde sleppa ungane inn nå. For sisteverset kan alle. Det er merkeleg det, folk kan 1, 2, og sisteverset - og slik var det med erte-engelen òg. Me slakka av på farten og gjekk parallelt mot mål. Her skulle me gå saman over mållinja. Og det var jo tross alt betre på ei julafta, sjølv om me nok hadde tenkt å gå for full maskin heilt til mål og så kasta oss over mållinja og triumferande strekkja hendene i veret. Men dette var jo faktisk mykje betre - for det såg ut til at me ikkje berre skulle vinna krigen om englane ? moralsk sett ? men at me i same vendinga kunne sikra freden ? julafreden.
Den freden meg meg fylgje frå vogga til grav
Meg hugge I såraste suter!
So segjer eg når eg frå verdi fer av
Og døyande hovudet luter:
Guds fred og farvel! No sovnar eg sæl.
Vår fredsfyrste høgt vere lova.
Når siste tonen lydde, var det berre ein ting att å seia: ?Nå må me ha kaffi?.
Så fekk me fred. Og det må vel kallast julefred.
~og takk til deg for dagens gode latter~ Ikke bare jeg som har fått julestemning allerede med andre ord!
Takk for det!