Kva har Pippi med språkteori å gjera?

Eg tykte alltid at det var festleg når mor ropte på meg med onkelen min sitt namn. Det hendte ikkje ofte, berre når denne onkelen sat på bussen på veg til komlemiddag hos oss, eller når han elles blir nemnt i ein samtale. Og - ho blandar berre namnet til den mykje yngre boren hennar, aldri namnet på dei eldre brørne hennar. Sjølv forklarer ho blandinga med likskapen ? at me har ein del av namnet sams: Per Henning og Henning Øyvind. At det ikkje berre kan vera det, ser eg når eg sjølv blandar namnet til min son Åsmund og min mykje yngre bror Torbjørn. Det kan jo godt tenkjast at det å vera forelder til ein liten gut som ein har omsut for, og å vera mykje eldre søsken til ein liten gut har mykje sams, og at ein difor lettare blandar namna. Slike eigenskapar ved ord (her namn) er slikt som ein helst ikkje vil snakka om når ein er oppteken av system. Fordi alle kolonnar i pyntelege system ryk i møte med slikt rot.

Eg tykkjer at det er påfallande at ein så ofte i innføringar i språk har firkanta og pyntelege system for korleis meining er strukturert. Problemet er at det er svært avgrensa kva som let seg fanga i ryddige system ? i alle høve når det gjeld meining. Slike system fører også lett til eit syn på kommunikasjon som transport (at ein uproblematisk pakkar inn eit bodskap som ein sender frå seg og som uproblematisk blir pakka opp og mottatt). Aktuelt sett, har jo Kabul-Åsne minna oss om ein slik modell gjennom si terping på: ?vi hadde en glassklar avtale?, ?jeg skrev ned sannheten?, ?jeg har ikke tolket noe?.

Sjølv er eg nysgjerrig på det Kjell Lars Berge kallar ein retorisk lingvistikk, dvs ein språkteori som i større grad enn dagens grammatikk kan skildra fenomen i språket som er avgjerande for meining. For, det assosiative i språk og difor dei språklege vanene våre er mykje viktigare enn det har vore vektlagd i tradisjonen. Språk bør kanskje heller sjåast på som eit spel, der ein speler på assosiasjonar til ord og erfaringar med ord. Kommunikasjon blir då eit samspel mellom dine og mine ord og meiningar.

Det er her Pippi kjem inn:
-   Hva har du egentlig funnet på, Pippi?
-   Et nytt ord, sa Pippi og så på Tommy og Annika som om hun først nå fikk øye på dem. Et splitter splatter nytt ord.
-   Hva for et ord? sa Tommy.
-   Et meget godt ord, sa Pippi ? Et av de beste jeg har hørt.
-   Si det da sa Annika
-   Spunk, sa Pippi triumferende .
-   Spunk sa Tommy. Hva betyr det?
-   Hvis jeg bare visste det, sa Pippi.
-   Det eneste jeg vet er at det ikke betyr støvsuger.
-   Tommy og Annika tenkte på det en stund. Til slutt sa Annika.
-   Men hvis du ikke vet hva det betyr, så er det vel ikke til noen nytte?
-   Nei, det er det som ergrer meg, sa Pippi.
-   Hvem er det egentlig som fant på fra begynnelsen hva ordene skal bety, undret Tommy seg på?
-   Antagelig en haug gamle professorer, sa Pippi. Og sannelig er folk rare! Tenk for noen ord de finner på. ?Balje ? og ?treplugg? og ?hyssing? og slikt noe ? ingen kan jo skjønne hvor de får det fra. Men spunk som er et virkelig godt ord, det lar de ganske enkelt være å finne på. Så heldig at jeg kom på det! Og nå skal jeg få greie på hva det betyr også.

Pippi sitt bidrag til språkteorien er: ord og meining ligg ikkje fast, det er bruken av dei som er avgjerande.

At slike assosiasjonar er regelmessige, kan me sjå i ein annan samanheng. Forfattarane Douglas Adams og John Lloyd har laga fleire bøker om ?The meaning of liff?, dvs dei tinga og fenomena rundt oss som det ikkje finst ord for. Dei har då teke stadnamn frå avsidesliggjande plasser og gitt dei ny funksjon: å setja ord på daglegdagse fenomen rundt oss.

Og her er nokre norske nykommarar:

-   Emleim (m.) Den særeigne salong-lukta av røyk diesel og kjøttkaker som ein finn på mindre ferjesamband på Vestlande og i Nord-Noreg
-   Floretuten (m.) Det maurslukarliknande handtaket på bensinpumpa
-   Gnuldreheii (f.) Den delen av ei salme som anten går for høgt eller for lågt og som gjer at ein må skifta oktav
-   Nesoddtangen (m.) politisk fenomen der ein i ei utsegn seier nesten det same tre gonger
-   Fjøsne (f.) Kvinne bak disk på offentleg kontor som ikkje er særleg til hjelp.
-   Flaen (m.) Mann med vest bak disk på offentleg kontor. Heller ikkje til særleg hjelp.

Det eventuelt komiske med desse orda, er om ein gjennom ordforma klarer å skapa assosiasjonar som gjer at ein aksepterer forklaringa. Slik sett viser det korleis språket hentar tyding frå alle kantar, ikkje minst frå våre erfaringar med ord.

Opp mot dette har me den normative retninga som inneber at ord har ei tyding, at dei viser til ein ting, at språket er ?logisk?: Her i sommar las eg på førstesida i VG at ein norsk miss - eg meiner sjølvsagt ei norsk miss - var sendt feil ute i verda. Der stod det ?Norsk Miss til feil by i feil land?. Og trongen til å finna feil dukka jo opp i meg med ein gong, ei drift som hos norsklærarar er sterkare enn seksualdrifta. ?Hm? tenkte eg. ?Når du skal på missekåring og har kome til feil land, så har du vel pigede allerede kome til feil by og?? Det er jo ikkje Mc Donalds du skal på. Så las eg vidare at dei to byane faktisk hadde same namnet. Dersom VG absolutt skulle ha ei presisering av kor gale dette var, så måtte det jo heller vera at det var rett by i feil land ? altså feil by. Om dette burde eg sikkert ha skrive lesarinnlegg i avisa, slik me jo ser med jamne mellomrom. ?hvor mange ganger må jeg fortelle dere at det mennesker blir skadet men er epler som blir skadde?? Men språket er ikkje primært logisk. Det er ikkje matematikk. Det er langt på veg eit spel, og difor er det for kommunikasjonen sin del heil greitt at missen vart sendt til feil by i feil land. Det heile var ein kjempemiss.

Språkspelet er Wittgenstein sitt poeng i språkfilosofien. På liknande vis står også Bakthin sine tankar om det dialogiske, om forholdet mellom ord, i motsetnad til ein transport-metafor. Kor viktige er desse stand-up-poenga, eigentleg? Kan det tenkjast at når det gjeld å mestra språklege daglegdagse utfordingar utover i livet, at det er av avgjerande betydning om den grunnleggjande forståinga av språk er som transport eller som spel?
Dersom me ikkje speler meir, kjem me mellom anna til å sjå fleire rasande bokhandlarar - og det som verre er.

Kommentarer:

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

hits