Homo Xerox - det kopierande menneske
Det er ikkje uproblematisk å skildra korleis mennesket er eller skal vera. Det blir likevel gjort rett som det er. Det blei gjort særs tydeleg for nokre år sidan i L97 - læreplanverket for den 10-årige skulen. Sidan er planen grundig diskutert og kritisert. Det er likevel interessant å sjå kva merkelappar som vert nytta for å skildra eleven - førestellingar om korleis ho er og korleis ho burde vera:
Det meiningssøkjande menneske
Det skapande menneske
Det arbeidande menneske
Det allmenndanna menneske
Det samarbeidande menneske
Det miljømedvitne menneske
Det integrerte menneske
Dei sju ideala blir også råka av den kraftigaste kritikken av planane: at dei er for ideelle og vidløftige. Og viss eg skal prøva å vera meir konkret, er det freistande å føreslå det kopierande menneske som eit åttande og meir realistisk, skildrande punkt. Eg meiner det kan ha mykje føre seg å vurdera ei slik innsikt, før ein går inn på dei 7 ideala over. Å kopiera eller imitera er i vår tradisjon sett på som noko negativt, noko ein skal unngå, for aller helst skal ein vera oppteken av det skapande og det kreative. Læreplanverket kan seiast å syna fram denne tendensen. Problemet er vel at mennesket langt på veg er imiterande, fordi det er funksjonelt innretta, og fordi det er minst motstand i ein slik veg. Men ein har ikkje alltid sett på kopiering og imitering som noko eintydig negativt. I den retoriske tradisjonen blei imitering av mønster og førebilete sett på som ein heilt nødvendig føresetnad for det kreative, for det å skapa noko nytt. På same tid er det negativt å berre kopiera. Såleis er tanken om det kopierande mennesket tosidig: på den eine sida kopiering som forblir ureflektert, og kopiering som kjelde til kreativitet på den andre. Det kopierande mennesket er såleis både eit trugsmål og eit potensiale. Forholdet mellom skole, lærar og elev kan tena som eit godt døme på dette.
Det kopierande mennesket kjem kanskje best til syne når det er snakk om teori. Spørsmål som gjeld teori avslører kva me trur på, ved at me grupperer emne i høve til teorien. Dei uheldige sidene ved det kopierande menneske syner seg til dømes når lærarar blir for opptekne av teori, når dei har kopiert for mykje utan å reflektera nok over praksis. På same måte er det uheldig å ikkje vera oppteken av teori, å tru at ein då er teorilaus. Standpunkt er noko ein har, anten ein vil eller ikkje, medan graden av refleksjon over standpunktet varierer.
Ein kan heller ikkje alltid reflektera over alt, og i det ligg det at mennesket ikkje er kreativt og nyskapande heile tida. Det er langt på veg naudsynt å kopiera haldningar og innsikter. Det er naudsynt for å kunna tenkja nytt, og litt banalt kunne ein seia at for å kunna tenkja nytt må ein først ha tenkt noko gammalt. Lærarar bør stadig tenkja nytt, sidan elevane og føresetnadene deira er vidt forskjellige alltid. Utfordringa er om dei klarer å gjera kopieringa til eit potensiale for den kreativiteten som skulekvardagen krev. Læraren sin veg er såleis ikkje så ulik eleven sin kunnskapsveg, med den skilnaden at læraren sjølv er eit førebilete for kva ungen skal ta til seg og vera kritisk til.
Teoriar er spanande. Ikkje fordi dei nødvendigvis er sanne, noko ein sjeldan kan seia (sikkert nok), men fordi teoriar både gir og tar mulegheiter for dei som nyttar dei. Det er når ein innser dette, at det kopierande menneske går frå å vera reint kopierande til å kunna utnytta kopieringa til å tenkja nytt. Vegar Hoel hadde ei førestelling for barn i kulturhuset i Stavanger under tittelen "Heilt sanne skrøner", der ungane var med og forma forteljingar som kunne ha vore sanne. Førestellinga kunne fint hatt undertittelen: "Kurs i vitskapsteori for ungar". For det er ikkje slik at teoriar er heilt sanne, og det er heller ikkje slik at forskarar er fritekne for å gå i feller som andre folk går i. Skilnaden er vel heller at gode forskarar veit kor storparten av fellene er. Vitskapshistoria er prega av at teoriar blir kopierte og vidareførte, og berre av til skjer det større, vesentlege endringar. Difor er ikkje forskarar først og fremst kjenneteikna ved å vera kreative, samstundes som kreativiteten nettopp utfaldar seg i det små, i ei nyansering, i ei oppdaging av noko som ikkje stemmer , og som vidare - når andre kopierer innsikta - kan bli grunnlaget for dei verkeleg store endringane; til dømes av eit verdsbilete. Slik sett er det på sin plass å laga visjonære planar om det skapande menneske - så lenge ein ikkje gløymer innsikta om Homo Xerox.