Kva har Pippi med språkteori å gjera?
Eg tykkjer at det er påfallande at ein så ofte i innføringar i språk har firkanta og pyntelege system for korleis meining er strukturert. Problemet er at det er svært avgrensa kva som let seg fanga i ryddige system ? i alle høve når det gjeld meining. Slike system fører også lett til eit syn på kommunikasjon som transport (at ein uproblematisk pakkar inn eit bodskap som ein sender frå seg og som uproblematisk blir pakka opp og mottatt). Aktuelt sett, har jo Kabul-Åsne minna oss om ein slik modell gjennom si terping på: ?vi hadde en glassklar avtale?, ?jeg skrev ned sannheten?, ?jeg har ikke tolket noe?.
Sjølv er eg nysgjerrig på det Kjell Lars Berge kallar ein retorisk lingvistikk, dvs ein språkteori som i større grad enn dagens grammatikk kan skildra fenomen i språket som er avgjerande for meining. For, det assosiative i språk og difor dei språklege vanene våre er mykje viktigare enn det har vore vektlagd i tradisjonen. Språk bør kanskje heller sjåast på som eit spel, der ein speler på assosiasjonar til ord og erfaringar med ord. Kommunikasjon blir då eit samspel mellom dine og mine ord og meiningar.
Det er her Pippi kjem inn:
- Hva har du egentlig funnet på, Pippi?
- Et nytt ord, sa Pippi og så på Tommy og Annika som om hun først nå fikk øye på dem. Et splitter splatter nytt ord.
- Hva for et ord? sa Tommy.
- Et meget godt ord, sa Pippi ? Et av de beste jeg har hørt.
- Si det da sa Annika
- Spunk, sa Pippi triumferende .
- Spunk sa Tommy. Hva betyr det?
- Hvis jeg bare visste det, sa Pippi.
- Det eneste jeg vet er at det ikke betyr støvsuger.
- Tommy og Annika tenkte på det en stund. Til slutt sa Annika.
- Men hvis du ikke vet hva det betyr, så er det vel ikke til noen nytte?
- Nei, det er det som ergrer meg, sa Pippi.
- Hvem er det egentlig som fant på fra begynnelsen hva ordene skal bety, undret Tommy seg på?
- Antagelig en haug gamle professorer, sa Pippi. Og sannelig er folk rare! Tenk for noen ord de finner på. ?Balje ? og ?treplugg? og ?hyssing? og slikt noe ? ingen kan jo skjønne hvor de får det fra. Men spunk som er et virkelig godt ord, det lar de ganske enkelt være å finne på. Så heldig at jeg kom på det! Og nå skal jeg få greie på hva det betyr også.
Pippi sitt bidrag til språkteorien er: ord og meining ligg ikkje fast, det er bruken av dei som er avgjerande.
At slike assosiasjonar er regelmessige, kan me sjå i ein annan samanheng. Forfattarane Douglas Adams og John Lloyd har laga fleire bøker om ?The meaning of liff?, dvs dei tinga og fenomena rundt oss som det ikkje finst ord for. Dei har då teke stadnamn frå avsidesliggjande plasser og gitt dei ny funksjon: å setja ord på daglegdagse fenomen rundt oss.
Og her er nokre norske nykommarar:
- Emleim (m.) Den særeigne salong-lukta av røyk diesel og kjøttkaker som ein finn på mindre ferjesamband på Vestlande og i Nord-Noreg
- Floretuten (m.) Det maurslukarliknande handtaket på bensinpumpa
- Gnuldreheii (f.) Den delen av ei salme som anten går for høgt eller for lågt og som gjer at ein må skifta oktav
- Nesoddtangen (m.) politisk fenomen der ein i ei utsegn seier nesten det same tre gonger
- Fjøsne (f.) Kvinne bak disk på offentleg kontor som ikkje er særleg til hjelp.
- Flaen (m.) Mann med vest bak disk på offentleg kontor. Heller ikkje til særleg hjelp.
Det eventuelt komiske med desse orda, er om ein gjennom ordforma klarer å skapa assosiasjonar som gjer at ein aksepterer forklaringa. Slik sett viser det korleis språket hentar tyding frå alle kantar, ikkje minst frå våre erfaringar med ord.
Opp mot dette har me den normative retninga som inneber at ord har ei tyding, at dei viser til ein ting, at språket er ?logisk?: Her i sommar las eg på førstesida i VG at ein norsk miss - eg meiner sjølvsagt ei norsk miss - var sendt feil ute i verda. Der stod det ?Norsk Miss til feil by i feil land?. Og trongen til å finna feil dukka jo opp i meg med ein gong, ei drift som hos norsklærarar er sterkare enn seksualdrifta. ?Hm? tenkte eg. ?Når du skal på missekåring og har kome til feil land, så har du vel pigede allerede kome til feil by og?? Det er jo ikkje Mc Donalds du skal på. Så las eg vidare at dei to byane faktisk hadde same namnet. Dersom VG absolutt skulle ha ei presisering av kor gale dette var, så måtte det jo heller vera at det var rett by i feil land ? altså feil by. Om dette burde eg sikkert ha skrive lesarinnlegg i avisa, slik me jo ser med jamne mellomrom. ?hvor mange ganger må jeg fortelle dere at det mennesker blir skadet men er epler som blir skadde?? Men språket er ikkje primært logisk. Det er ikkje matematikk. Det er langt på veg eit spel, og difor er det for kommunikasjonen sin del heil greitt at missen vart sendt til feil by i feil land. Det heile var ein kjempemiss.
Språkspelet er Wittgenstein sitt poeng i språkfilosofien. På liknande vis står også Bakthin sine tankar om det dialogiske, om forholdet mellom ord, i motsetnad til ein transport-metafor. Kor viktige er desse stand-up-poenga, eigentleg? Kan det tenkjast at når det gjeld å mestra språklege daglegdagse utfordingar utover i livet, at det er av avgjerande betydning om den grunnleggjande forståinga av språk er som transport eller som spel?
Dersom me ikkje speler meir, kjem me mellom anna til å sjå fleire rasande bokhandlarar - og det som verre er.
Om elefantar i lese- og skrivevitskapen
Filosofen Arne Næss viser i boka 'Hvilken verden er den virkelige?' til parabelen om elefanten og dei blinde si skildring av han. Nokre fekk tak i halen og andre øyrene, men sams for dei alle var at dei på kvar si side tok det for å vera heile elefanten. Næss sitt poeng er at skildringane supplerer kvarandre og at dei langt på veg er korrekte, men at dei alle er ufullstendige. 'De gir seg ad med å diskutere ut frå hvert sitt delsystem, hver sin del-elefant, som om det var hele elefanten de hadde for øye'.
Det blir i desse dagar utarbeidd nasjonale prøver for lesing og skriving. Oppdraget er politisk og ulike fagmiljø i Noreg har tatt på seg å utføra dette oppdraget.
I forskingsmiljøa kan debatten om lesing og skriving i skulen seiast å vera prega av at norskfaglege miljø og spesialpedagogiske miljø er usamde om kva fagfelt som best kan gi svar på kva lesing og skriving er. Dette kan ved første augnekast likna ein fruktbar debatt der det blir stilt spørsmål ved etablerte sanningar. Går ein nærare inn på diskusjonen, blir det tydeleg korleis standpunkta manglar eit blikk for at studieobjektet er større enn det fagfeltet ein sjølv høyrer til.
Det mest urovekkjande - og minst diskuterte - ved det politiske oppdraget er at me får to prøver som er uavhengige av kvarandre - ei i lesing og ei i skriving. Prøvene blir laga på vidt forskjellig teoretisk grunnlag, og ingen har vist om eller korleis resultata frå dei to prøvene kan relaterast til kvarandre. Dette er påfallande sidan både lesing og skriving gjeld mennesket si meistring av skrift. Ein kan nok seia at dei folkevalde har handla i god tru, ettersom lesing og skriving vanlegvis blir studert kvar for seg i nasjonale og internasjonale forskingsmiljø. Samanhengen mellom lese- og skrivedugleikar er sjeldan eller aldri grundig undersøkt. Dette har fleire uheldige sider. For det første blir grunnlaget for å diagnostisera og behandla lese- og skrivevanskar einsidig. For det andre kan omgrepa som ein nyttar bli meir overflatiske. For det tredje, dersom ein ikkje studerer desse dugleikane i samanheng, vil ein ikkje komma noko lenger i teoriutviklinga om samanhengen mellom lesing og skriving. Dette vil hindra nyskapande forsking og pedagogikk som gjeld lesing og skriving.
Det er ikkje vanskeleg å skjøna at nasjonale prøver primært blir laga med pedagogiske og politiske mål for auget. Men det er vanskelegare å skjøna at ein ikkje i større grad har nytta høvet til å gjera ny og grunnleggjande forsking. Eg siktar ikkje berre til ei djupare forståing av sambandet mellom dei to dugleikane. Eg trur òg ein kunne få eit betre tilhøve mellom pedagogisk forsking og praksis. Ideelt sett bør det vera ein vekselverknad mellom desse. Teorien må justerast etter praksis og praksis må justerast etter teorien. Det vil seia at teorien og praksisen må vera i stadig endring. Slik kan ein gradvis nærme seg sanninga og dei instrumenta eller metodane som best viser oss røyndommen.
Ein professor i medisin sa ein gong at dersom ein finn den rette definisjonen på kreft, vil ein også klara å lækja alle sjukdommar med denne diagnosen. Den same tenkjemåten kan nyttast når det gjeld avhjelping av lese- og skrivevanskar. Ei av dei viktigaste oppgåvene er å få betre definisjonar av desse dugleikane. Betre definisjonar er òg naudsynt for å laga betre testar. Betre definisjonar vil òg avklara samanhengen mellom lesing og skriving. God empiri krev god teori ? og motsett. Ei god forståing av sambandet mellom lesing og skriving er viktig for effektiv førebygging og avhjelping av lese- og skrivevanskar. Tiltak på det eine området kan understøtta tiltak på det andre området. På dette området kan ein òg få erfaring og innsikt som kan fremja den første lese- og skriveopplæringa.
Veit me eigentleg kva lesing og skriving er?
USAs forsvarsminister Donald Rumsfeld vann i år den britiske Foot-in-Mouth-prisen for ei underlig utsegn på ein pressekonferanse. Prisen går til årets mest uklåre offentlege utsegn:
Han seier:
Meldinger som forteller at noe ikke har skjedd, er interessante for meg fordi, som vi vet, er det kjente kjente faktorer, det er ting vi vet vi vet?, sa Rumsfeld og fortsatte:
Vi vet også at det er kjente ukjente faktorer, det vil si at vi vet at det er noen ting vi ikke vet. Men det er også ukjente ukjente faktorer, de vi ikke vet at vi ikke vet.
Språkeksperten John Lister kommenterte utsegna slik: Vi tror vi vet hva han mener, men vi vet ikke om vi virkelig vet.
Festleg? Eg likar slett ikkje Donald Rumsfeld, men eg tykkjer faktisk det er knakande godt sagt. Men det har kanskje med at det liknar stygt på noko eg sjølv har skrive i avhandlinga mi..... Tittelen på dette innlegget har jo spor av Rumsfeld sine vendingar i seg: 'veit me eigentleg kva lesing og skriving er?'
For å komma til poenget: Viss me tenkjer oss at me har ein tråd som me bind saman i endane. Då har me eit leikety. Men denne tråden finst (fanst) det eit tidsfordriv blant ungar der ein skal laga eit mønster med hjelp av tråden og fingrane på båe hendene. Så viss eg held fram tråden, skal leikekameraten min gripa tråden på ein ny måte, og laga eit nytt mønster. Nå trur de sikkert at eg har spora av og at eg heller skulle ha skrive til Norsk Barnemuseum for å snakka om barneleiker frå før i tida, men nei. Dette handlar om lesing og skriving.
Når du ser på mønsteret mitt, bestemmer du deg for korleis du vil gripa det an, og så tek du eit nytt mønster. Tråden er det same, men mønsteret er annleis. Det er såleis mogleg å gripa denne tråden an på svært så forskjellige måtar. Når me har laga mange forskjellige mønster, kjem det vanskelege spørsmålet: kva for eit mønster er best? Det er eit kjempedumt spørsmål. Det er Tommy-ball. Kjenner de forresten leiken Tommy-ball? Det er frå teikneserien Tommy og tigeren, der Tommy sparkar ball og stadig diktar opp nye reglar etter som kampen går. Tommy-ball er leiken der dei involverte ikkje veit kva reglar som gjeld. Spørsmålet om kva mønster som er best, er kjempedumt så lenge ein ikkje har snakka om kva reglar som gjeld for leiken, eller kva hensikt leiken har ? om ein skulle laga figurar eller størst mogleg vase. Mykje av diskusjonen om lesing og skriving i dag, er prega av Tommy-ball, av dette meiningslause spørsmålet om kva mønster som er best utan at ein har definert kva det skal handla om.
Aftenbladet skriv på leiarplass 7. september 2004 at ?forskningen har størst verdi når den fører til resultater som er anvendbare i hverdagen?. Det er tøys å seia slikt, og dessutan altfor defensivt. Kvifor? Fordi både god og dårleg fundert forsking fører til resultat som blir anvendt i kvardagen..... Difor finst det ein eigenverdi i å prøva å finna ut kva ein held på med, ikkje minst på eit 'nyskapingsuniversitet'.
Når det gjeld lesing og skriving, har desse to ferdigheitene blitt studert kvar for seg, og teori er bygd kvar for seg. Ein har med andre ord leika denne trådleiken i to forskjellige miljø, og langt på veg har det vore Tommy-ball både innan studiet av lesing og innan studiet av skriving. Men om desse to miljøa hadde leika litt meir i hop, ville dei kanskje oppdaga at tråden dei leikar med er den same, og kanskje ville ein oppdaga at dei mønstra som ein plukkar er for tilfeldige....
At det er slik, viser dei nasjonale prøvene, som blir laga heilt isolert av kvarandre. Det skal eg ikkje seia meir om her.
Eit anna døme er sidemålsdebatten, og spørsmålet om korleis ungar lærer seg eit sidemål. Er det til dømes viktig å ha lest sidemålet for å kunna skriva det? Elevane i Oslo får ikkje massiv teksterfaring i sidemålet sitt frå første klasse. Når dei kjem til ungdomstrinnet blir dei forsøkt lært nynorsk på ein meir konservativ måte enn Lille Marius lærte latin. Det er jo ikkje rart ungdomane har det vanskeleg ? Lille Marius døydde jo av det. I tillegg skal nå opplæringa i sidemålet ? som er ei skriftnorm ? gjerast munnleg (!) Nokon som har høyrt om munnlege skriftnormer? Dette er både til å le og grina av. Eg har tenkt å nominera byrådet i Oslo til Foot-in-Mouth-prisen for dette. Om dei kan konkurrera med Donald Rumsfeld, er usikkert, men dei bør kunna kapra andreplassen. Den har førebels Arnold Swarzenegger med utsegna: 'Jeg mener at homofile ekteskap er en ting som må være mellom en mann og en kvinne'. Sidemålsdebatten i Oslo er eit døme på eit forvirra syn på samanhengen mellom lesing og skriving ? og på innlæringa av skriftspråk. Det er Tommy-ball på sitt beste.
Og for å bli i tråd-metaforen:
Dersom tråden er den same, dvs at lesing og skriving heng grunnleggjande saman, må me spørja oss kva forskingsleiken vår skal handla om. Eg meiner at ein av dei mest interessante leikane me kan leika nå, er leiken: kvifor meistrar mennesket skrift?
Og viss ein har fastsett kva leiken skal handla om, får det innverknad på dei mønstra ein vel. Lesemiljøet og skrivemiljøet vil truleg ikkje bli samde om eit mønster som gjeld for båe dugleikane, men dette vil vera ein fruktbar krangel sidan dei i det minste vil vera samde om kva leiken skal handla om. Det som er ganske sikkert, er at det vil endra korleis me definerer lesing og korleis me definerer skriving.
Før de las dette, visste de kanskje ikkje at de ikkje visste, men nå veit de at de ikkje veit.
Og eg trur at eg veit at eg veit at me ikkje veit.....