Namnet skjemmer ingen (som ikkje er skjemt frå før)

Har du nokon gong hatt kjensla av at du veit kva folk heiter - eller burde heita?

'Halvor', til dømes, er ein kraftig, hårete plugg som juksar i landhockey
'Iseling' er ein spinkel jente på 19 år (uansett alder) som er kokkelærling og alltid har 10 malboro light (ikkje 20) i lomma i tillegg til flexikort på bussen.

Eg skulle sjekka inn på Motel 6 i San Diego for eit par år sidan, og leverte frå meg førarkortet som identifikasjon. Dama i skranken kikka på meg nokre gonger og så ned på førarkortet att. Og eg tenkte at: eg har jo ikkje smale skuldre. liksom. Så fekk eg kvitteringa.

Som førenamn stod det: statens.

Og som etternamn stod det: vegvesen.

På eit førarkort er det ikkje vanskeleg: namn og etternamn står jo øvst.
Men her har dama kikka nedover lista etter noko som passa til fyren framfor disken. Og då måtte ho dessverre heilt ned til Statens vegvesen.

Mr Statens Vegvesen.

"Mr Vegvesen, have a nice stay"

Om slutningar

Det mest fascinerande med språket er kanskje at det skjer så mykje rart oppi hovuda på dei som bruker det.

Eg skulle hente far min på arbeid ein dag og parkerte utanfor inngangen. Han kom ut, men såg meg ikkje. Så ringte eg til han.
Han svara.
Eg sa: "eg står og ser på deg".
Han sa: "hæ".
Eg gjentok: "Eg står og ser på deg".
Så høyrer eg ei forskrekka stemme: Står du og SER på meg?
Men då gjekk det opp for meg at det ikkje var far min som svara, og at eg hadde ringt feil.... Med tanke på alt det rare som rørte seg i hovudet mitt nett då, kan eg berre forestilla meg kva som må ha rørt seg i hovudet til han eg ringte til.....



kropp og sjel

Det er for mykje anten-eller i verda.
Det burde vore meir både-og.
Kanskje også litt av kvart.

Niesa mi på 9 år var i gravferd for første gong her tidlegare år. Dei sat framfor kista i kyrkja og ho måtte spørje mora: "ligg onkel oppi kista der?"
Ho svarar: "ja vennen min, men det er berre kroppen hans"
Niesa mi spør utolmodig: "men er han oppi der?"
Ho trøystar: "Ja, men det er berre kroppen hans".
Niesa mi utbryt forskrekka: "men kor er hovudet hans?"





Likestilling

Eg har lært at det er avgjerande korleis ein byrjar ein tale.
"I have a dream..." er kjent som ein god start.
Min opningsreplikk er både meir alvorleg og fokusert enn dette:

"På arbeidsplassen min hadde me ein pissoir"

Det vil seia, dei tre første vekene hadde me ein pissoir. Den fjerde veka kom det to kjeledressar og skar ned denne innretninga med vinkelslipar.

Samtidig, på ein annan stad på kloden - dvs i nabobygningen - sat universitetsleiinga og diskuterte korleis dei skulle få fleire kvinner i toppstillingar og korleis ein skulle få gjennomført likestilling i akademia. "det blir så mykje styr" blei det sagt. "Kan me ikkje få til ei midlertidig løysing?" blei det spurt. Det var då ideen om vinkelslipar kom opp.

Så i staden for å tilsetja fleire kvinnelege professorar, bestemte dei seg for å fjerna pissoirane.
Det er tiltak som viser handlekraft.

Men dei gjekk lenger - dei ville gjera det skikkeleg.

Dei laga herretoalettet om til unisex-toalett og laga dusj der pissoiren tidlegare var.

Eg har våga meg inn der ein gong - for å dusja. Heldigvis var det ingen damer der nett då. Men langs veggen hang det damehanddukar i friske fargar, det var berre så vidt at den rosa handduken mitt torde henga ved sida av desse sjølvtrygge, velfrotterte damene. Og medan eg kledde av meg, hang damehanddukane der og skula på meg.
Eg kjende meg slett ikkje trygg.
Eg er ikkje van med å vera i lag med så mange damehandukar på ein gong.
Så gjekk eg med meg flass-sjampoen min inn i pissoiren - eg meiner: dusjen. På dusjhylla stod same gjengen: frodige, sjølvtrygge sjampoar med eple, lavendel og sjasminlukter. Og dei stod og breia seg utover - og ikkje tjangs om dei ville gi rom for min gråe anti-dandruff. Så eg sette han på golvet.

Då eg kom ut av dusjen, såg eg at nesten alle handdukane var rosa.
Eg skulle tatt liverpool-handduken likevel. Så eg sa meg skjelvande stemme til rekka av handdukar: "eg veit ikkje om du kan høyra meg, men viss du kan skal du vita at eg ikkje kunne noko for det. Det berre blei slik. Eg kan ikkje hjelpa deg. Nå må du klara deg sjølv". Eg overgav handduken min til dameveldet og tørka meg med t-skjorta. Og har ikkje damene tatt han, så heng han der den dag i dag.

Reinsdyra har det litt på same måten.
Reinsdyra er det einaste hjortedyret på våre kantar der også damene har horn.
Der er det full likestilling.
Og faktisk har damene overtaket fordi dei har horna lenger enn mannfolka. Bukkane (eller mennene om du vil), feller horna i november, medan simlene (damene) feller horna først på vårparten.
Tenk så kjipt å vera hornlaus reinsdyrmann i desember og så går alle damene rundt med horn? Men endå meir alvorleg er det at dette resonnementet rokkar ved grunnleggjande førestellingar hos mennesket: Reinsdyret Rudolf, denne lett forsoffne raudnasa hjelparen til julenissen - har horn rundt juletider og dermed er han nøydd til å vera DAME!!!!!

Hos rekene har damene overtatt fullstendig, der er jo det å vera mann berre eit forstadium til det å bli dame, men det vågar eg ikkje å gå nærere inn på her.

Kvifor regnar det frå lyktestolpar?

Om morgonen når eg skal på jobb og først levera ungar i barnehagen, fortonar det seg som ein heimevernsøvelse, dvs mykje venting, litt sutring og store mengder utstyr som er sporlaust vekke. Her i førre veka hadde eg fått ungar, sekkar og dressar inn i bilen og alt var klart, så bakka eg over veska med den heilt nye, bærbare og svært dyre PC-en min. Slik er livet. Det var ein av desse regnfulle, mørke morgonane. Så spør guten min frå baksetet: "kvifor regnar det frå lyktestolpar?". Det er lett å leita fram den fysiske forklaringa om "vanndamp opp i skyene, blir tungt, dett ned, lys i gatelysa, regnar forbi". Men det var jo eigentleg ikkje det han spurte om, men "Kvifor regnar det frå lyktestolpar?" Det er faktisk noko av det mest poetiske eg har høyrt på lenge. Det er då ein får slike glimt av at det er noko språkleg mellom himmel og jord - noko meir enn namnelappar på nakne fakta.

Me likar jo til dømes å tru at namn er noko folk får heilt vilkårleg - av reint praktiske omsyn.

I deler av landet der ein har hatt ein sterk oppkallingstradisjon, var det viktigast kven ein heitte etter. Der var det slik at ein kalla opp etter eit fast mønster. Og i område med slik tradisjon var det heller ikkje så stor variasjon i namna. Du kan ikkje berre kalla ungen din Yvonne eller Cato. Tenk deg følgjande situasjon: Eldste guten måtte kallast opp etter farfaren som heitte: Ola, nest eldste guten måtte kallast opp etter etter morfaren som heitte: …Ola, og var ungeflokken riktig stor - og bingolukka endå større - skulle tredjemann jf mønsteret kallast opp etter ein morbror, og som heitte: Ola. "Her er dei tri gutane mine, store-ola, litle-ola og ola-ola. "

Då eg fekk den første ungen spurte ein kamerat meg om kva han skulle heita:

- Han heiter Åsmund, seier eg

- Typisk deg.

Og når eg kalte andremann for Olav

- du tulle?

- Nei, eg tulle ikkje, seier eg

- Tredjemann skal vel heita Vinje, då?

Namnet skjemmer ingen, seier dei.

Det er mange som ler av oss frå Vestlandet - gjerne når me seier kva me heiter. Spesielt ler dei viss eg kjem til å nemna onkelen min: Henning Øyvind. Eller onkel Henning Øyvind som eg alltid har kalla han. Kva er det som er så merkeleg med det? Det er jo eit heilt vanleg namn:

Per Henning, Kjell Inge, Sindre Mikal, Leif Edvard, Trond Egil, Odd Ragnar, David Alexander, Åse Kari, Oddny Judith, Leif Kjetil, Jon Kjetil, Arne Olav, Dag Ottar og Frode Gerhard.

Ja, ja, la dei le, sjølv om det ikkje er noko festleg i dette. Eg skal heller fortelja om då eg traff den svogeren min. Og me presenterte oss.

- Hei, eg heiter PerHenning, og du?

- Tom

- ja.....

- Hm...

- ja...kva meir....?

- nei, ....Tom

- eg meiner, er det Tom Atle, Tom Frode, Tom Kåre eller Tom Per du. "Herlighed for ei kneda hu har fått fatt i, han ha det inn med teskei, dennher fyren...

- Nei bare Tom.

- Bare Tom? Bare, bare Tom. Eg visste ikkje kva eg skulle seia, Det var faktisk ganske ekkelt.

- Hadde det nå i det minste vore to stavingar. Tore, Trygve , då er du liksom på veg mot noko. Eller Ove. Apropos Ove, viss du ser Tom i bar overkropp, så har han eit hjarta med ei pil gjennom der det på eit banner under der det skulle stå "love". Men det står ove, og det er fordi L'blei så dårleg, at du må vera spesialpedagog for å finn'an.

Nei, det blir for blodfattig. Du kan ikkje heita Tom og le av dei som har lange dobbelnamn. Tenk på fordelen. Har du eit dobbelnamn av eit skikkeleg kaliber og kan skriva det, så har du jo vore gjennom halva alfabetet. Mens Tom fortsatt lurer på kva ein bokstav er.

Mange vurderer bibelske namn til ungane sine.

"Ho skal heita Sara" meinte han

"Nei, det e altfor bibelsk" meinte ho

så kalla dei henne Maria.

Namnet skjemmer ingen, blir det påstått.

Men kvifor er det då så få melkisedek, sjadrak, ananias, kvirinius og habbakuk'ar?

Det hadde vore noko, i staden for å ha tre som Katrine med C,katrine med K, tre katrine med Ch, at ein hadde tre melkisedek, dvs Melkisedek med to d'ar, Melkisedek med ch og Melkisedek med ck.

Det er forresten ikkje så mange som heiter Kåre, heller, når eg tenkjer meg om. Kåre er ut.

Det er jo litt pinleg viss ein meiner at namnet ikkje skjemmer nokon.

I ukebladene er det jo slike spørrespalter der du kan spørja vise gamle damer om slikt ein ikkje torer å spørja andre om. Me kunne jo tenkja oss ei annonse som:

Kjære Stella,

Jeg heter Kåre, er det normalt?

Slik vil ein jo ikkje finna i dag. I staden kan ein gå inn på nettet til statistisk sentralbyrå og finna at dersom du er ung og heiter Kåre, er det heilt unormalt. Og så er det mogleg å få endra namnet sitt, til dømes til Marcus - Marcus med C.

Då eg gifta meg, tok eg namnet hennar - ja, ja etternamnet altså.

Eit stund seinare arbeidde eg på anlegg og møtte Ali, han som hadde vore bas frå førre anleggsperiode.

- "Hei Ali, hugsar du meg att?" Han gjorde ikkje det.

- "Hva hete do?"

- "Pedersen heitte eg då, men eg heiter Uppstad nå".

- Så kikkte han på meg: "Nai, Fytte gris, do ta namn til kjerringa?"

Namnet skjemmer ingen seier dei. og det var ikkje det at eg var så veldig skjemt, men det var heller ikkje så lett. Etter eit nattskift, blei eg vekt av telefonen. Eg leitte fram telefonen i ørska.

Så fekk eg fullstendig jernteppe.

Det er jo vanleg å seia etternamnet sitt når ein tek telefonen, har eg lært.

Men eg kunne ikkje komma på det.

Eg hadde gløymt kva eg heitte.

Eg hadde eit svakt minne om at det var eit eller anna på U, men det var òg alt.

"hallo" svara eg etter ei lang stund.

Den afrikanske diktatoren Josef Desiré Mobuto skifta òg namn. Ikkje i samband med giftarmål, men då han svinga seg opp politisk. Han kalla seg i staden: Mobutu Sese Seko Kuku Ngbendu wa za Banga "Den allmektige krigaren som på grunn av sin utholdenhet og urokkelege vilje til å vinna, vil gå frå erobring til erobring og etterlata seg flammar i sitt kjølvatn" .

Det var då eg innsåg at mi endring ikkje var å ta for hardt i.

Det er noko språkleg mellom himmel og jord - noko meir enn reine namnelappar på nakne fakta. Som når eg høyrde ein radioreportasje om Afghanistan under taliban-tida, eg måtte stoppa bilen for å skriva det ned: "Ministeren i departementet for dydens fremme og ondskapens bekjempelse". Det er interessant med slike språklege konstruksjonar, som når informasjonsdirektøren på HiS har fått tittelen "Strategi- og kommunikasjonsdirektør". Det er ikkje lenge før me innafor offentleg sektor kjem til å sjå tittelen "Sjefen for dei gode tidene".

Slike språklege konstruksjonar er ikkje så ulikt spørsmålet om kvifor det regnar frå lyktestolpar.

På leikegolvet spør Åsmund

"Og så sette eg bilen her i ein ærbødig stilling"

-"ærbødig stilling" kva meiner du?

-"Han ska stå her i ein ærbødig stilling"

"kor har du høyrt det?"

"I Donald, når han blir brannmann"

"Åja, men det betyr at han har fått ein fine jobb"

"Nei"

"Jo, det er brannsjefen som gir han ein god jobb"

"Nei, bilen ska stå i ein ærbødig stilling"

Og slik held det fram.

Og etter ein slik dag seier han i bilen.

"Pappa, eg finne på møje tull, men eg gjørr i allefall jobben min"

Kor har han dette frå? Eg har aldri sagt noko slikt. Og meine han at eg ikkje gjørr jobben min?

"Ka e jobben din, då?" spør eg

Det e å gå i barnehagen, lega, og grava i sanden"

Og eg lurar på, er spørsmål som "kvifor regnar det frå lyktestolpar" del av tullet eller del av jobben?

Eg trur det er ein del av jobben. Min jobb altså.


Advent i Kongo Brazzaville

Advent i Kongo-Brazzaville

Han er ei kryssing av schæfer og eit Volvo Amazon-framsete. Minst.
Han er personifikasjonen av ordet rasist der han konsekvent glefsar, bit og gøyr mot alt svart, medan alt kvitt får eskorte til døra. Kvite tjuvar har ei framtid i Kongo.
Gerimo heiter han, er shäfer og får kost og losji mot å vakta Centre Missionaire EEC, BP 77 Brazzaville REPUBLIQUE DU CONGO. Me stirer alle i tallerken - Paven kunne gjerne ha kome inn i ei slik stund med krossteikn og røykjelsesberarar, men let det vera - meldinga går hardt inn på oss:

Gerimo er borte.

Kven skal no skilja mellom ven og fiende, kvit og svart, cowboy og indianer, tjukk og tynn, surt og salt? Ryktene seier at han er blitt kidnappa. «Kvifor» seier eg. «Han er tjukk» svarar ho og himlar med augo over endå eit tåpeleg spørsmål.

SCORE ligg ikkje lenger frå Kongofloden enn at du trygt kan springa frå handlevogna og pissa i elva med utsikt over Kinshasa. Score har høge spir og liknar eit veldig mormonerbedehus der dei sel herlege ting til dei utvalde - dei som har pengar. Eg er viss på at direktøren omtalar det som «High score» for sine vener. Det slukar pengar i større fart enn Terminator II-spelet i bowlinghallen på Åsen i Stavanger. Eigentleg har eg ingenting der å gjera.

Men.

Eg svingar unna ein mørk tiggar utan bein, og stansar på den rommelege parkeringsplassen. Han får 100 frs før han får strekt ut handa. Det er jo jul.

Ein frisk og sprek ungdom har sett gesten og er raskt framme med handa og eit fårete 10-årig julehefteselgjarblikk. Det er ikkje jul enno.

«Nei, du får ikkje pengar - gå og spør mamma» «Har du ikkje mamma, seier du?» «Du har vel heller ikkje pappa, onklar, tanter, bestemor eller bestefar?» «Akkurat» «Og alle venene dine er óg døde, hm?» «Og far din, som jo eigentleg er død, har ikkje jobb nei?» «Har du ikkje såpe til å vaska familien sine klede med, seier du?» «Men, var dei ikkje alle døde då?» «Hadde du gløymt det?» « Å? Er dei berre døyande - er det slik det heng saman?»

Eg er innafor og stoppar opp i møte med den kondisjonerte lufta.
Alice i eventyrland. 13 negerdamer i sterile konditoruniformar sit som fastsveiste napoleonskaker i folketome kassar, og gåseleverpostei og fransk raudvin mediterer taust over ein fransk versjon av « I believe in Santa Claus».

Eg let ei handlevogn ta meg med til kjøledisken, og kvekk til i det ei kvitlaukspølse rullar ut av synsfeltet og ned i den djupaste enden av trillevogna - og blir liggjande. Eg veit ikkje om det er den stive malarianakken som hindrar meg i å sjå pølsa i snabben, eller om det er uvilje mot dette ukjende som har trassa min personlege integritet ved å trengja seg innpå meg.

Pølsa har kome til meg - me er eitt.

Ho er mi, og eg er hennar.
Eksitensialismen er banal. Eg er komen til Score utan mål og meining - utan handlelapp eller allvitande kone. Dessutan er eg ikkje svolten - primærdrifta manglar.
Ei ambassadørfrue dundrar forbi meg med ei vogn søkklasta av mål og meining. Eg startar med eit rykk, og pølsa rullar såvidt opp i synsranda i det aksellerasjonen avtek.

Ho minner meg om at ho er der, og at eg har eit ansvar.

Eg finn meg ute av stand til å møta utfordringa som ei slik einsleg kvitlaukspølse i ei handlevogn gjev. Eg legg panisk ein frosen kylling ned i korga, men må berre leggja han bort. Det kjennest ikkje rett. Folk byrjar å sjå langt etter meg. Eg kjenner meg klaga. Skråstilte nakkar skrik etter meg:

«Gjer noko då, mann! Fyll opp!»

Eg er viss på at denne skampletten av ei pølse kjem til å føra ulukke over meg. Eg hadde aldri trudd at ei pølse kunne ha ei slik makt over ein mann. Eg hadde vore betre stilt med å ha ein sirkusdirektør til far, der eg i skam måtte stua vekk elefantar og halvnakne ungarske trapéskvinner, og i siste liten slengja ein paljett-BH etter dei ut i bakgården, før eg kunne ta imot vener frå universitetet til kollokviegruppe i heimen. For ikkje å gløyma det psykiske presset ved gulasjlukt og austeuropeisk familiekrangel midt i ein snobbete diskusjon om litteraturteori.

Eg og pølsa - pølsa og eg.

Eg treng pause frå dette scenariet. Eg tvangs-oppnemner ein pakke kjøtdeig som fosterbror til pølsa og trykkjer han faderleg mot brystet. Dette er ingen konvensjonell handlemåte, men det tek fokus bort frå handlevogna, og gjev meg eit lite forsprang.

Like innanfor souvenirmarknaden står det ein ståltrådkunstnar. Syster mi - som er på besøk - vil kjøpa ein minatyrsykkel, og han prisar varene etter hudfarge. 2500 frs skal han ha.

«Skjerp deg!» seier eg verkeleg overraska.
«Eg er berre ein lusen ungdomsarbeidar som får løna i bananer - ikkje forretningsmann eller minister».
«Kor mykje gjev du?» spyttar han.
«Eg har tidlegare betalt 4000 for ei folkevogn» byrjar eg.

Slike situasjonar krev korte, konsise og små-arrogante svar. Min franske blodbank er tom og difor ute av stand til å tilføra den språket det minste grann av futt og sprell i form av provokasjonar. Eg kjenner meg som ein prest som framleis snakkar, kvarteret etter at konfirmanten har spurt han om korleis ein blir homofil, og der han vaknar frå monologen sin ved at den same konfirmanten klyp dottera hans i baken.

« .. noko som er mykje meir arbeid enn den skarve sykkelen der. Altså gjev eg 750 for sykkelen.»

Fyren ser ikkje på meg. Han forsvinn. Han kjem attende med tang og ståltråd og bed meg frekt om å laga ein slik sykkel. Han speler rolla som fornærma husgud godt, og han set opp eit ufordrageleg andlet, som viser at han er van med store offer frå stinne lommebøker.

«Nei» seier eg. «Eg fortel deg berre kva marknadsprisen er og at du ikkje kan krevja kor mykje pengar som helst»

Fransk er noko drit.
Det fungerer fint når ein til dømes har velførebudde fraser om Gud framfor ei from forsamling - men til å kjefta med? Eg er ein pakistaner i Bærum kommunestyre som prøver å seia noko overtydande om eldrepolitikk.

Saka tek ei ny vending:
«Du argumenterer som ein beibi» grin han spottande opp i andletet mitt. «Du burde ta 1. klasse på barneskulen om att!»

Han snakkar stødig og arrogant, tydeleg kry over at han ikkje slutta skulen før i midten av 3. klasse. Det er ikkje til å unngå at eg tek meg til halsen der eit stygt universitetsslips har rett på båtfeste.

«Ok» tenkjer eg, «viss han speler rolla som Hjortejegeren - då speler eg rolla som skadeskoten Bambi i fanget på Brigitte Bardot på pressekonferanse med CNN».

«Er det slik de behandlar kundane? Her kjem eg med eit ope sinn og så blir eg fornærma på det grøvste! Tenkt om eg fortalde venene mine korleis du fer fram? Då har du ei strålande framtid!»

- ropar ein kvit ung mann medan han står med stive armar og trykkjer båe tomlane inn i ein kilospakke med kjøtdeig. Psykisk påkjenning gjev ofte fysiske utslag.

Alt dette berre fordi eg ikkje er svolten eller har fantasi til å handla inn til jul. Brazzaville er full av diplomathustruer som ikkje kan reisa heim utan fullt lass i handlevogna. Men kvifor kan dei ikkje la ein mann med ei kvitlaukspølse og ein skjenda pakke kjøtdeig vera i fred? Folk ser i vogna, på meg - og nikkar. «Freud» seier augo deira, og eit eller anna om sengevæting og seksuelle spenningar

Eg ser eigentleg mange som kunne vore tente med å gå med eit slikt belasta klientell i handlevogna. Kanskje er det beinhard klassekamp eg driv med, som ei solidaritetshandling med alle dei svarte som aldri kjøper meir enn ei bolle, eit eple eller ein blyant? Eg kjenner martyren veksa inni meg - altfor fort - liksom barnet i ei sambandsjente som har fått det travelt med å koma i kvit kjole, og som strevar med å skjerma familien mot eit visst samtaleemne til kva tid som helst etter bryllaupsmiddagen. I eit fransk supermarked i Kongo går eg med ei 40 cm halvtint kvitlaukspølse og ei gjennombora kjøtdeigpakke som eit symbol på brorskap og fattigdom over landegrensene.

Heile varehuset forkynner julebodskapen om Donald som blei fødd i ein stall hjå bestemor Duck . Guffen kom heim frå marka og gledde seg over den vesle. B-gjengen kom langvegsfrå og fylgde dollarteiknet til finanskongen Skrue, men han kjende ikkje til nokon ny, stor investor (det var Walt Disney dollarteiknet lyste for). Donald kom for å fortelja oss at det e mogleg å bli verande idiot og at det er viktig å eta matroslua si når fetter Anton er heldigare enn ein sjølv. Det er ikkje så mange som tenkjer på kvifor det er 2 timar Donaldfilm på julaftan. Alle er glade i Donald.

Her er det ikkje verande. Retretten er rasjonell og upoetisk, eg berre vrengjer lommeboka hos napoleonskakene og flukta er eit faktum.

Når ein ligg på rygg og ikkje får sova, er taket på Centre Missionaire skite og fullt av spindelvev. Nåja - det er ikkje nok til at ein får noka stallkjensel, men likevel.
Eg er sultefora på juleheilagdom - på heilagdom i det heile. Denne byen er ikkje ein verande stad. Ikkje på grunn av Afrika, men fordi eg ikkje taklar å sjå meg sjølv så klårt på ein dårleg dag.

I ei slik stund kunne eg ha kome til å konvertera berre for å få litt fokus på Johannes 1: 9 «Det sanne ljoset, som lyser for kvart menneske, kom no til verda» - om det så måtte vera med hjelp av litt røykjelse og katolsk hokus-pokus.

Lucia-dagen. Betlehem. Advent. Lukas kapittel 2.

«Han er komen til oss!», ringer det for meg. «han er her! Han er her!»

Eg stig opp i andakt, sveipt i lakenet mitt for å vera med på det store. Ute i den kjølege kveldslufta løftar eg blikket, men ser til mi overrasking ned på han som er komen. Han står med tunga ut av kjeften og lograr intenst med halen. Tri fromme kvinner viser si glede over at Gerimo er komen til rette. Eg fiskar motvillig fram ei høveleg gåve. På veg inn ser eg snabben på kvitlaukspølsa forsvinna bak kvasse bikkjetenner.

Krigen om englane

Me likar å gå rundt juletreet. Og me går lenge rundt julatreet. Faktisk går me frykteleg lenge rundt juletreet heime hos oss.

Mitt hjerte alltid vanker. Einerbærbusk. Deilig er jorden. - for den kan svoger Henrik ein basstemme på og eg ein annan, men dei passar ikkje i hop. Derfor blir det aldri heilt fint. Viss berre ein av oss hadde gitt seg, så hadde det blitt kjempefint. Men det er ingen som gir seg. Aldri. Det er berre på eitt punkt me må gi oss, det er når pappa tek til med No koma Guds englar. Bevares, det er ein nydeleg song. Men pappa veit at det ikkje er nokon andre som kan han. Og så syng han med ein sånn ein ertestemme "nini, nini, ni,ni". Vemmeleg er det. Det er like ufordrageleg som når han fis når me er ute og handlar. Det er ingen som fis styggare enn far min. Då er han verkeleg ufin - då, og når han syng "No koma Guds englar" rundt juletreet. Så går me der som nokre nek, tolv-femten mann mens han syng ertande om englane, og me går og snoflar rundt treet og tenkjer på mandariner og kva som ligg i dei pakkane me svirrar rundt. Det merkelege er at ungane ikkje skrik, dei er vel så overraska over bestefaren som går der og syng ertesong for seg sjølv - og over dei 12-15 andre som går og ser ut som dei har tapt i Ludo.

Det var i fjor at me bestemte oss for at sånn kunne det ikkje vera. Me bestemte oss for å ta han - på sjølvaste julafta. Og me tenkte å slå til på den gammel-testamentlege måten: auge for auge, tann for tann. Det er det som i ettertid er blitt kalt krigen om englane.

Så til å øva. Og me pugga salmevers. No koma Guds englar har åtte vers, men det var ikkje så lett som det kan høyrast ut. Sangen er så tettpakka av metaforar at me stadig tok feil. Sangen er stappa med bibelhistorie. Det kjennest som du har heile nye og gamle testamentet på åtte små vers. Eg trur Blix må ha laga han mens han stod og stappa pølser. Under øvinga var det ikkje få kjetterske forteljingar som kom etter samanblanding av historier og metaforar. Det var til dømes ikkje Sakkeus David drap med slynga, og det var heller ikkje Pontius Pilatus I hvalfiskens buk. Siste øvinga hadde me på badet like etter at me hadde vore i kyrkja på julafta. Krigen om englane var farleg nær, og me var heilt kokte i hovudet av desse englane og halve bibelhistoria som fulgte med. Ingjerd heldt på å spy, og Ragnhild tykte me tok dette litt vel alvorleg. Me stod der fire stykk og banka gjennom vers etter vers med innbitt mine: babam ba, babam ba, babam ba, ba ba. Sidan Berit har så grassat med ungar, hadde ho hatt litt lite tid til å øva, men ho tok det att med kroppsleg iver. Ho såg steike galen ut, vill i blikket mens ho song mer om 'na, na, na, na' enn om 'Isais stuv der livskvisten spring fager og mogen'. Eg var halvredd henne. For ikkje å seia for henne. Ragnhild var den som tok dette profesjonelt, ho song med sjølvsagt presisjon og drog på akslene av Galne-Berit og dei to andre som stod og ni-stirra ned i ei salmebok og dundra monotont på eit konservativt nynorsk. Lite julefred å ana der og då. Så gjekk me med vår grusomme plan og spiste pinnekjøt og hadde det riktig triveleg. Me fire kikka på kvarandre og smilte lurt, eigentleg var me så fokuserte på krigen om englane at me ikkje heilt klarte å nyta middagen. Brått såg eg at Ingjerd hadde spora av, ho sat med opne auge og stirra inn i kålrabistappa mens ho pikka takten på kanten av tallerken. Babam ba, babam ba, babam ba, ba, ba.

Så var me endeleg på scenen. Rundt treet med heile bøtteballetten. Og me var klar. Deilig er jorden. Korkje Henrik eller eg firte. Stygt og kjekt var det. Mitt hjerte alltid vanker. Einerbærbusk, Så seier pappa at han har lyst på kaffi? Me ser på kvarandre og lurar på: kven er forrædaren? Nei, me må kunne ikkje gi oss nå. Eg dunkar i mamma, så ho kan få han på sporet. Eg tenkjer forundra: har han verkeleg hatt vit til å slutta med dette heilt av seg sjølv? Og kva med englakrigen vår? Det går så langt at mamma må spørja om han ikkje skal syngja No koma Guds englar.


Ingjerd er allereie heilt raud i toppen i frykt for at alt skal gå i vasken. Nei forresten ho blir aldri heilt raud, men knall raud med kvite felt, ja nesten som ein fluesopp - som seier "trø meg inkje for nære". Nei då kviknar han til, og me er i gang. Eg kjenner eg syng litt for høgt på første verset. Han kikkar litt forvirra på oss i augekroken over at me syng med, men dette er elementært.

No koma guds englar med helsing i sky

Guds fred og velsigning dei bjoda

No stig I frå jordi ein helgasong ny

Som skal gjennom himmelen ljoda

Guds fred og vel møtt

Du barn som er født

Guds fredsfyrste høgt vere lova.

Me dreg kort pusten etter siste tone, og er rett i gang med andre verset. Pappa har forma munnen, men får ikkje lyd før ut i andre takten. Guds englar var visst i farten i år… Ingjerd er som eit lokomotiv, ingen - ingen - kan stoppa henne frå å syngja desse versa.

Til frelsa den fyrste er kåra og krynd

og komen til løysing og lukka

For menneskeborn som er fødde i synd

Og alt uti vogga må sukka

Guds fred med dei små

Som honom fekk sj!

Vår fredsfyrste høgt vere lova.

Før verset er ferdig, ser eg på han at han leiter etter tredjeverset. Det gjeld å koma på rett spor, eller på rett metafor. Viss ikkje, så har du tapt. Det er som svigerfar seier om Sesilåmi: det du taper i starten, det tek du aldri att. Men Ingjerd og Ragnhild held koken. Ragnhild går og sullar seg sjølvsikkert gjennom heile verset, som om dette berre var slik det skulle vera, og ikkje det at me her held på å vinna krige om englane midt på julafta. Kva ungane tenkjer I år, skal vera uvisst, dei skjønar i alle fall at det er noko som skjer, for det er ikkje den ruslande turen rundt treet, men meir ei målbevisst trasking, meir som ein pålagt utmarsj, der ingen får lov å gi seg. Der ser eg at har han funne starten, men det har ikkje eg. Men det gjer ikkje noko. Avtalen er at Ingjerd har ansvaret for å dra fram til halvgått løp, så skal eg leggja meg først i løypa og spora oss inn på den rette metaforen i dei siste fire versa. Pappa har fått tilbake ertetonen, han trur han skal få til eit rykk i motbakken i tredjeverset. Tredjeverset er alltid vanskeleg, sjå berre på Ja vi elsker. Det er ingen som kan tredjeverset, kan du skjøna.

Me kan. Og Ragnhild denne gongen, tek ei finte og droppar den halve takten mellom versa og durer rett på tredjeverset utan å puste. Også her kjem pappa inn på andretakten, sjølv om han har orda klar. Og me voffar I veg.

I djupaste mørker vart himmlen klår

Då stjerne av Jakob seg viste,

I hardaste vetter det grønkar som vår,

Og fagraste knupp spring av kviste

Guds fred og god jol

Med sumar og sol!

Vår fredsfyrste høgt vere lova

Fjerdeverset er det ingen som kan - bortsett frå oss då. Det er fristande å leggja inn pausane som me hoppa over mellom dei føregåande versa. Men me har det travelt, me er ikkje så ofte innblanda i slike englekrigar at me torer å unna oss ein aldri så liten pause. Men det er mamma som startar fjerde verset, med ei sterk nynning. Ho har ikkje øvd, men det har jo ikkje Berit heller, men lyd, det lagar dei. Ingjerd spikrar metaforane med overtydeleg artikulasjon. Det er ikkje mykje song frå hennar kant. Svogeren min går og nynnar ein ters over alle oss andre, medan det eigentleg berre er Ragnhild som driv med noko som kan kallast song. Det eg og Ingjerd gjer, liknar meir å ropa ut oppslag frå ei bibelordbok.

Der ute er jordi so isende kald

Og trei stend svarte I skogen

Men Isai stuv som til frelsa er vald

Skyt livskvisten fager og mogen

Guds fred med den tein

Av grønkande grein

Vår fredsfyrste høgt vere lova

Det er ein utmarsj med utprega nynning, ein overstemme to ordbokslesarar, ein songar, og ein som etterkvart er blitt litt spakare, og som berre syng med på nokre av orda. "Vi har ham nå"

Berit har fått den same kroppslege iveren som ho hadde under øvinga på badet tidlegare på kvelden. Det er eit skremmande syn. Mannen hennar ristar på hovudet og tek med seg dei to ungane så dei ikkje skal sjå mora medan ho syng 'na, na, na, na, na' av full hals til ein julesong rundt treet. Når eg ser Berit i det humøret så tenkjer eg berre: "det er ikkje noko å vera redd for, det er berre film". Så kjennest alt så trygt. Og så e det min tur til å dra, eg skal vera ankermann herfrå og i mål

No stjerna frå Bethlehem lyser om land

Frå høgsal til armaste hytta

Det ljosnar så vent over dalar og strand

Der inn hennar strålar få glytta

Guds fred over mold

Vår sol og vårt skjold

vår fredsfyrste høgt vere lova

For å ikkje gå feil, har eg lagt opp min eigen strategi. Eg let heile den kompakte bibelhistoria passera - ikkje i revy - men iflannelograf. For kvart av dei fire siste versa har eg inni meg lagt fram filtfigurar i rett rekkefølge for at historia skal komma fram. Og det du har sett på flannelograf det gløymer du aldri. Det var mitt hemmelege våpen i krigen om englane - og det kunne ikkje slå feil.

No ljodar ein lovsong frå alle Guds born

På alle folks tunger dei kveda!

So vide som klokkene tima frå tårn,

Stig tonar av hugnad og gleda.

Alt kling som I kor: Guds fred yver jord!

Vår fredsfyrste høgt vere lova.

Her var me inne i ein vanskeleg del av løpet . Me snofla oss framover og sjølv hugsa eg berre fraser, men ikkje kva rekkefølge dei skulle stå i. Men me kunne litt kvar og fylte tomromma med nynning. Sidan me var mange - og han berre ein - så framsto det frå når side noko som totalt sett likna unison, melodiøs støy. Frå pappa kom det toppen eitt ord per verselinje om lag som når Geir syng Elvis etter hukommelsen, eller når Mister Bean berre syng med på Halleluja. I neste motbakke, tenkjer eg……

Lat gjetordet ganga frå grend og til grend

Så vide som tunga kan mæla

Om Sonen som er oss frå himmelen send

All verdi til siger og sæla

Syng ut I kvar bygd

Guds fred ifrå høgd

Vår fredsfyrste høgt vere lova

Innspurten er godt i gang, og eg har hengt opp filtfigurar på min indre flannelograf nok bibelhistorier til eit heilt semester i sundagsskulen. Men allereie nå kan eg konstatera at krigen om englane er vunnen. I løpet av sjuande verset kom det ikkje ein tone, ikkje eit ord frå den årvisse erte-engelen. Det ser ud så han blei litt rørt òg. Det er ein god tapar. Det er berre ein ting som er verre enn dårlege taparar, og det er dårlege vinnarar. Og nett det stod me i fare for å bli, såpass på krigsstien som me var. Mesteparten av sjuande verset brukte me til å bremsa kraftig opp, å køyra alle motorane i revers. Ingjerd senka akslene og hadde ikkje lenger ei så militær framtoning. Til og med Berit såg litt harmonisk ut når siste tonen på verset seig ut. Mannen hennar kikka inn frå gangen for å vurdera om han torde sleppa ungane inn nå. For sisteverset kan alle. Det er merkeleg det, folk kan 1, 2, og sisteverset - og slik var det med erte-engelen òg. Me slakka av på farten og gjekk parallelt mot mål. Her skulle me gå saman over mållinja. Og det var jo tross alt betre på ei julafta, sjølv om me nok hadde tenkt å gå for full maskin heilt til mål og så kasta oss over mållinja og triumferande strekkja hendene i veret. Men dette var jo faktisk mykje betre - for det såg ut til at me ikkje berre skulle vinna krigen om englane - moralsk sett - men at me i same vendinga kunne sikra freden - julafreden.

Den freden meg meg fylgje frå vogga til grav

Meg hugge I såraste suter!

So segjer eg når eg frå verdi fer av

Og døyande hovudet luter:

Guds fred og farvel! No sovnar eg sæl.

Vår fredsfyrste høgt vere lova.

Når siste tonen lydde, var det berre ein ting att å seia: "Nå må me ha kaffi".

Så fekk me fred. Og det må vel kallast julefred.


mars 2006
ma ti on to fr
1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30 31
hits